tirsdag 17. november 2009

Nøff, nøff


Så kom sjuka i vår heim også. Om det er svineinfluensa er ikkje godt å sei, men hodepine,feber,vond hals og slapphet har det iallefall vore. Nå er det berre å håpa at minstejenta slepp unna, foreløbig er ho frisk som ein fisk. Noke som kan vera slitande når ein sjølv tilbringer det meste av tida som eit slakt på sofaen.



Munnbinda er ikkje oppbrukte. Det blir liksom ikkje til at ein tar de i bruk, men dei blir levert ut saman med Tamifluen. Eg trur den virkar, iallefall så virkar det som sjuka går snarare over i forhold til dei som var sjuke tidligare i haust. Kryssar fingrane for at det er dette me har hatt, og at me held oss friske og raske resten av vinteren.
Så håpar eg energien kjem raskt tilbake, syness den har vore borte ganske lenge........

God bedring til alle sjuke rundt omkring.....

2 kommentarer:

SNILLPIKE♥ sa...

Ikkje noko kjekt å vere sjuk, god bedring te deg, håpe du frisknar fort til.

FO - 2 sa...

God bedring! :)