fredag 25. mars 2011

Helg igjen


Denne helga er det klart for barnedåp i by'n. Har vore to tøffe veker i forkant for bunaden har nok krympa litt siden 17. mai. Ikkje veit eg kva som har hendt, den har jo berre hengt i skapet. Men eg trur det skal gå, iallefall for noken timar. ;)


Da blir ei kjekke helg, der heile familien samlast. Anne Sofie blir med oss og me håpar me får tid til å shoppa litt i Åsane i morgen. Me er nødt til å ta oss tid til det. Alf Inge har laga ein flotte bil til vesle Inge. Karakter 5+ fekk han for denne.

Våren trur eg er nett rundt hjørna, iallefall ein nydelig dag i dag.

Ønsker alle ei fin helg!

fredag 18. mars 2011

Stillhet for Japan


Alle bloggare blir oppfordra til ein stille dag i dag, for å visa respekt for offera i Japan.Oppfordra alle til å støtta Røde Kors som gjer ein utrulig stor innsats i slike tragediar.

søndag 13. mars 2011

Forandring i planen


Planen var at eg skulle blogga bilder av den heilt nysydde putekolleksjonen min, men eg er nok ikkje så god venn med symaskina som eg trudde. :P Blei ei framsida, det var alt etter to dagar der kjøkenet såg ut som ei systova.

Vekas bilde får derfor bli mitt bidrag til å tenna lys for ofra i Japan.
(Hadde nok hjelpt ofra litt meir med eit kontonummer....)

tirsdag 8. mars 2011

Fastelavenshelga


Siste helga i vinterferien reiste me til mammo, og hadde noken fine dagar der. Me var ute kvar dag, og Nord-Ask var målet to av dagane. Aina Karin foreviga foran Krokeikja på veien opp.


Det er mange år sidan eg har vore her oppe på Nord-Ask, og eg synes vatna er blitt mindre, men det er vel berre eg som har vokse litt. :P Me har vår eigen Arne Brimi, så mat blei det også på turen, litt iallefall. Aina Karin, mammo, Arild, Gard, Brage og Karsten.

Randi,Adrian, Inge og meg var med også. Goguten til tante likte dette her. :)


Bollar i lange banar blei det også i løpet av helga, berre så synd at den blei avslutta med omgangssjuka, men det er vel slikt me ikkje kan rå over.....

onsdag 2. mars 2011

Mars er heller ikkje mild......



Ei slik står fint i ein krok i hjørna av stova mi, og ventar med lengsel etter å bli montert over spisebordet. Gleder meg som ein liten unge.



I tilegg så er det ein nydelig dag i dag, og ein kan såvidt kjenna at sola varmar. Noken veker til no, så stiller me klokka og våren er her for fullt. Me har iallefall lov å drøyma, og håpar på at badeparkar kan besøkast og bassenget kan fyllast. Våren er ei optimistisk tid her i huset.

Treningskalenderen frå februar blei bra. Aberet er at eg innimellom går for halv maskin. Har fått problem med ryggen, men prøver å komma meg ut fire gonger i veka, noken gonger er det lav intensitet, men eg gjennomfører nå på eit vis. No står eg på farten til kiropraktor, og håpar det kan gjera susen. :)