lørdag 29. november 2008

Nå er det jul igjen

Eg storkosar meg i førjulstida, og er skikklig utålmodig etter å få opp litt advent og julepynt.Adventsstaken og litt juleblomar pleier å komma på plass fredagen før 1.søndag i advent. Slik blei adventsstaken vår i 2008.


Ei kvit julestjerne høyrer heime på salongbordet i adventstida. I år blei den plassert i ei ny "kronekrukke". Den falt i smak hos Aina, som aller helst skulle hatt krukka på prinsesserommet sitt.


Så nå er det berre å venta.På mandag opnar me den første luka i kalendarane, og nedtelljinga er i full gong.



Ønsker alle ei flott og koslig helg!

fredag 14. november 2008

Soverommet er ferdig

Nesten ferdig iallefall. Blei kjempefornøyd,men det er nå litt av eit arbeid. Det verste var vel ryddinga.Mykje som samlar seg på rommet etter 20 år. ;)
Tapeten har eg sett på lenge, men då det var 40 % på all tapet ein dag, då måtte eg berre slå til.


Eg er veldig i tvil om eg skal ha gardiner eller ikkje.Har bestemt meg for å prøva med persienner først, og så ser eg etterkvart. Kjenner eg meg sjølv rett så kjem det nok noken mørke gardiner etterkvart.

Litt "stæsj" og rot kjem det nok til å samla seg på sminkebordet også. Må prøva å finna eit system der til glattetenger ol.


Denne veka har me vore på sykehuset i Haugesund,der Aina Karin har fått operert vekk mandlane. Ein meir rå og tapper 4-åring trur eg me skal leita lenge etter.
Ikkje ein einaste sutrelyd under heile oppholdet. Kjempefin form etterpå,spiste youghurt og to skiver samme kveld.

Inn i mellom slaga så strikker eg et par labbar til meg sjølv. Det var tilbud på Baronessa for eit par veker sidan. 100 gr. garn,som var behandla med aloevera og jojobaolje, for kun 39,-. Da må jo prøvast ut.

Ønsker alle ei fin helg.