søndag 20. juli 2008

Vi har ein 4 åring i hus



Aina Karin fyllte 4 år 19.juli. Dagen blei feira som seg hør og bør, med stor Prinsessefest. Mange flotte gaver, og ho var storfornøyd med selskapet sitt.No er sommarens store begivenhet over, og vi tar ferie i nokre veker.


Ønsker alle ein solrik og flott ferie!

tirsdag 15. juli 2008

Rosa opp og ned, og i mente


Her i huset så nærmar det seg årets høgdepunkt.Me har snart ein 4-åring!
Med ei prinsessejente så må dette feirast, og det blir prinsessefest på lørdag.

Forberedelsane er i gang, og me må sjølvsagt prøva oss litt fram. Den rosa milkshaken blei perfekt. Den arva kenwooden lagte full kanne på under to minutt, heilt supert og kan ikkje samanliknast med blenderen frå Europris som me kjøpte i fjor.

Rosa "slushmaskin" har me fått oss. Alf Inge sitt høgaste ønske for tida.Kompromisset med lillesøster blei då at den måtte bli råsa, of course.

Sidan me har fått eit sommarbarn som har bursdag i ferien,blei det forskudd på feiring i barnehagen.Trur det viktigaste der er krona, krona med stor K. Ho var så stolt når ho blei henta den dagen.
Pappa har no tatt de håpefulle med på camping-tur.Trur han har pakka ein veldig tung sekk for det blei litt problem med balansen.Håpar de får ein flott tur, og ikkje må kjøra så langt for å finna sol.

Ønsker alle ein flott sommarferie.