torsdag 25. februar 2010

Har ikkje ord


Og det høyrer egentlig til sjeldenhetane. Sinnsykt masse med snø, og for å matche terrassen har eg vore og kjøpt 6 pk. serviettar til den nette sum av kr. 10,- pr. pakke. Neida, eg håpar snøen er vekke lenge før eg skal bruka dei. :)


Me får kosa oss med fargar inne så lenge. Aina Karin og mammo er åleina heime denne veka og då tar med det ganske så lettvint i matveien.
Smoothie blei kveldsmaten i går. Biola med jordbær, youghurt med jordbær og nokre frosne jordbær frå frysen. Eit halvminutt i foodprosessoren og voila. Mumse,mumse skikklig vitamininnsprøytning.


Litt håndarbeid innimellom ingenting blir det tid til. Så her blir det første mann til mølla av Anne Sofie, Gudmund eller Karsten. Ser for meg at eg har nokre spanande år foran meg!



Nyt vinterferien de som er så heldige å ha da ;)

fredag 19. februar 2010

Mens vi venter


Mens vi venter på våren, så kan me kosa oss med vinterbilde frå vinteren. Trur venninnene mine er litt meir glad i snøen enn eg, men eg har nå vore med mine turar med kakao eg og. Trur eg har passa på å foreviga de alle som ein tur. Trur de fleste har fått med seg at eg ikkje kjem frå noken vinterfamilie, men no kan det ikkje vera lenge igjen.
Mammo hadde iallefall funne snøklokker i bedet sitt! Da må vera eit godt tegn, og i mellomtida kan me kosa oss med noken fargeklattar på kjøkenbordet. 3 primula til kun 59,- på Fjord'n denne helga. Løp og kjøp.


Alf Inge har hatt sløyd. Det er ikkje så i gamledagar at me fekk gjera oss ferdige med ting. Brukar ein over tilmålt tid så får de delar med seg heim for ferdigstillelse. Noken som anar kva dette skal bli til slutt?



Ønsker alle ei fin helg.

søndag 14. februar 2010

Litt om ingenting


Inpirasjonene er ikkje på topp om dagane. Er fortsatt i vinterdvale og ventar på vårteikn. Det positive er at når sola dukkar fram, kjenner me no at ho begynnar og varma litt. Vanndråpar som sildrar ned frå tak er ein herlig lyd. Er ikkje så kravstor egentlig :)
Var eit par dagar på Solstrand i nydelig vær, berre forestill dåke kor herlig det hadde vore om ikkje snøen låg der.....


Aina Karin har mista tann! Stor dag og tanna var midpunkt. Då måtte det berre skje til slutt, ho mista tanna oppi teppe. Me brukte sikkert ein time på å finna ho igjen.


Treningskalenderen over januar blei ikkje så hakkande gale, føre tatt i betraktning. Noken dagar var det med livet som innsats og eg kan takka høgare makter for at lårhalsen fortsatt er inntakt.

Ønsker dåke alle ei fin veka og enda fleire vårteikn.