onsdag 20. februar 2013

Stova - vintere 2013


Kanskje ikkje dei største endringane, men det sniker seg inn litt nytt med ujeve mellomrom.Spisestovebordet har eg hatt sidan eg flytta inn her. Arvegods frå mommo og besten. Lurer på om det var kjøpt på auksjon på Baroniet i si tid.

Kommoden har og stått i huset i alle de år. Den er gute min sin og eit arvestykke frå farssida. Bildet over har eg fått av mammo mi som i si tid arva det etter ein onkel. Ei salig blandig av nytt og gammalt.


Sybord frå mamma blir brukt som skrivebord. Gammal ølkasse er det meininga at ledningar og modem etc. skal gøymast oppi, men det går no så som så......


onsdag 13. februar 2013

Hell i uhell



Fastelaven er overstått. Tradisjonen tru så kom Aina heim med fastelavensris. Fordelen me har så lenge me har skuleungar. :)

Aldri ein kjedelig dag i Anita sitt liv. Forrige helg sto bilen min fint parkert utanforbi huset. Av alle ting, så kom det ein tilhengar over hekken, nedover plenen og muren og smadra bilen. Me kan berre prisa oss lykkelig for at det ikkje var nokon utanforbi, eller at eg hadde bedt Aina setta seg i bilen.....Det blei IKKJE Stordtur den laurdagen. Me som hadde gleda oss til å vera barnevakt for vesle Nicolai. <3 p="">

Bilen blei kondømt, heilt utrulig at ein bil på tunet kan bli så smadra. Forsikringsoppgjeret gjekk heldigvis greit, og seks dagar seinare hadde eg ny bil. Aldri så vondt at det ikkje er godt for noke....


lørdag 2. februar 2013

I can do it, I can do it....


Eg har klart å strikka mariustunika, heilt sjøl. Har lenge sett på denne og har hatt så lyst å laga ein til vesle snuppa, og no har eg gjort det!
Synes den såg så vanskelig ut, så det har blitt med tanken lika til no. Har ei venninne som alltid har sagt at eg må ikkje lesa oppskrifta før eg begynna, og det er faktisk ikkje så vansklig når eg ikkje utpsyka meg sjøl på forhånd. Stolt er eg iallefall. :)