fredag 30. januar 2009

Den vise ugla

Vekene går fortsatt utrulig fort. No er det snart to måneder sidan bursdagen min, men eg har så lyst å visa dette flotte kruset eg fekk av ei venninne til dagen min.
Ho er veldig kreativ og flink med keramikk, og eg gleder meg til å sjå fleire kreasjonar frå henne.
Tusen takk Merethe. ;)

Helg igjen. Huset er vaska, sola skinn og fredagskosen er klar til å setjast i ovnen. Kan det bli betre? Manglar berre ein primula i vårlige fargar på bordet no.



God
helg frå oss!

fredag 23. januar 2009

Helg igjen

Vekene går utrulig fort, nå er det helg igjen. Denne veka har sjuke ungar stått i fokus, så så mykje fornuftig er det ikkje blitt gjort, anna enn å vera mamma og trøsta.

Mange har slike "bur" til pynt for tida.. Det er artig å sjå alle de ulike variantane rundt hos andre bloggarar, og eg tenkte eg kunne visa mitt også.
Etter å ha sett lyslenke inni skapet hos LivingWhite så fant eg ved juletider ut at det kanskje kunne gi litt stemning i buret.
Eg bytte ut konglene og fant ut at det var koslig no i mørketida.


God helg til alle sammen!

søndag 18. januar 2009

Hardangersøm


Eg likar veldig godt dukar og løparar i Hardangersøm. Den første her fekk me til bryllupet vårt av forlovaren min. Den har omtrent vært i bruk heile tida sidan 1996 med unntak av noken rundar i vaskemaskina med ujevne mellom rom.

Den under her fekk eg også frå forlavaren min til 30 års dagen min. Den har vært mykje i bruk den og.
Når eg var 10 år gammal så holdt mamma på med ein duk til ei venninne. Eg synes den var alldeles nydlig og ho lovte at eg skulle få ein av ho når eg gifta meg. Ho trudde nok ho hadde allverden med tid, men den gang ei. Men duken blei ferdig til Anne Sofie sin konfirmasjon i 2002.

Ein alldeles nydlig duk som fortjener å vera framme meir enn ein gang kvart tredje år. Den er stor, ligger fint på spisebordet når me har ei plata i og no skal den fram i dagslys for ei stund.
Stor duk og vanskelig å stryka einaste.Trur mamma skal få stryka han når ho kjem på besøk.

Dette settet trur eg og mamma har sydd. Eg har hatt det lenge på soverommet. Trur planen ein gong i tida var at eg skulle læra å sy hardangersøm, men no trur eg løpet er kjørt for min del. Heldigvis har eg mykje fint som eg kan gleda meg over i lang tid framover.



Ønsker alle ei flott,vindstille og regnlaus veke :)

lørdag 10. januar 2009

Nytt år, og nye muligheter...

Etter noken late juledager, var det både godt og tungt å komma i gang med kvardagen igjen. Januar og februar er dei tyngste månadane å komma seg gjennom i løpet av året synes eg, men de kjem likevell.
Er ikkje ferdig med å møblera stova enda, men med hjelp av gavekort på Bohus så ser eg enden på det no etterkvart.




Der spisebordet står no, har eg lyst å laga meg ein liten plass til laptop'en. Mamma har eit slikt bord som på bildet under, og det har eg tenkt å grina meg til. Det trur eg hadde blitt fint.



Bak tv'en har eg lyst å kjøpa meg eit beisa skjermbrett. Har litt lyst å få delt av slik at spisestua blir ein eigen seksjon og har vudert fleire mulighetar. Kanskje eg må laga noko fra tak til gulv? Kom gjerne med forslag hvis nokon har noken gode ideear.

Litt kvitmaling blir det nok likevell utover våren. Terassedøra inni kroken og noken golvlister gjenstår, og blir det like flotte sommarmånader som ifjor, er planen at golvet skal bli kvitt også. Møblane skal i første omgang forbli beisa. Salongen likar eg veldig godt fordi om den er i største laget. Kan ikkje ha den andre plassar i stova for det er det ikkje plass til.
Eg vil ha eit speil over det bordet eg skal tigga meg til hos mamma, men kom gjerne med forslag til noke eg kan ha over tresetaren. Der slit eg litt, har prøvd ulike løysningar, men ikkje noke eg har vore fornøyd med. Hylle kanskje?



Nyttar høve til å ønska alle eit godt nyttår!