fredag 28. januar 2011

Revolusjon for hårsåre småjenter


Teezer Tangle, ein heilt utrulig hårbørste som eg leste om inne på eit forum. Etter å ha kjempa med to veldig hårsåre jenter med langt hår, så var det ein ny verden som opnar seg etter at me fant denne børsten på Enklere Liv. Høyres utrulug ut, og det er det også, men det virkar. :)



God helg!

fredag 21. januar 2011

Fin fredag :)


Fredag har eg fri, og det er så godt når det lir på dag, oppdraga utført og helga ligg ubrukt foran oss. Gjekk ein fin tur med Elin i regværet etter at ungane var sendt på skule, så helgevask før det var tid for å nyta ein lang dusj med god tid til egenpleie. Det kan regna til påske for min del, berre me sleppe meir snø!

Kjøleskapet er ganske så tomt, så nå gjenstår det litt handling før me ikkje skal gjera noke meir i dag, berre kosa oss med god mat og gullrekka på tv. :)



Ønsker alle ei fine helg!

lørdag 15. januar 2011

Tusen takk til Dundelina




I dag kom det ein kjempefin pakke i posten frå Stord. Eg fekk mail for noken dagar siden om at eg var den heldige vinnar av Dundelina sin vervekonkurranse på Facebook i desember.

Me vant eit gåvekort på kr. 500,- og valgte oss denne flotte kjolen, Maneta Agneta. Aina Karin var så fornøyd, og den skal brukast i bursdagsselskap allerede i morgen.


Utrulig rask og grei levering. Me bestemte oss på onsdag, og allerede i dag laurdag, var kjolen her. De kan også besøka Lukas og Linnea på Stord, der selger dei kjolen.


Ei lita bok om Dundelina sitt liv i vatnet fulgte med.



Tusen takk til Dundelina. :)

søndag 9. januar 2011

Jula varer heilt til påske

Iallefall litt av den. Denne gøyale "sølvpynten" blei kjøpt på Rema 1000 i fjor, og eg trur den skal få bli hengande på trollkvisten min til neste år. :)


Oppdaga plutselig at godtesåla som var klar til å bli tømt av julabukkar, den sto så fint plassert ut i gangen. Heile to julabukkar var det på besøk, så dette var skuffande. Me hadde enort besøk då det var Halloween. :( Likar ikkje denne utviklinga.
Men no er iallefall skåla tom.......

Nib-utfordring: Barnerom


Rommet til 6 åringen er ei blanding av hummar og kanari. Aller helst skulle både vegger og tak vore rosa. ;) Ho har ganske så sterke meiningar,så her er det Hannah-Montana, sjølvkomponert kunst og sjølvpynta sminkebord. Skoene er dei finaste ho noken gong har sett, og har sjølvsagt fått hedersplass på sminkebordet. :)

tirsdag 4. januar 2011

Nytt år, nye mulighetar


Jula kom og gjekk, det samme med nyttår. Ikje et brukandes bilde blei det fra iphonen, alle blei for mørke, men det er einaste eg har frå høgtida. :(
Tradisjonell feiring heima hos mammo blei da i år. Kjempekoselig når me er samla heile gjengen, og veldig kjekt med de to nye tilskudda i familien, men eg er glad eg no er tante og kan overlata ansvaret til andre. ;) Men for å sei da sjølv, eg trur eg er ei god supertante.


Heima på Netland har me no hatt tradisjon med nabofest i romjula for 14. gong. Trur det er komme 14 nye ungar og to bonusbarn sidan første festen, så korleis dette skal enda må gudane veta, men koslig å møtast det er det.



Så må eg nytta høve til å gratulera verdens beste Ingunn og Tor-Petter med sølvbryllupsdag i dag. Godt jobba folkens. :)