fredag 21. mai 2010

Endelig blei det sommar


Dette har me venta på lenge og gu kor godt det var då den endelig kom. Me har vore ei veka på ferie hos bror min og storkost oss. Nydelig mat har blitt servert kvar kveld, veret har vore upåklagelig og småturar har me fått oss. Her er eit bilde frå toppen på Totlandsfjellet (som før var ein ås :) Ein flott tur som kan sammenlignast med Kaldestadåsen her heime.


Synd eg gløymte klippekortet, for det var både bok og tang i hytta. Når eg kom heim så hadde eg vunnet gavekort på kr. 500,- som blei trekt ut av alle som hadde skrevet navnet i boka si på Kaldestadåsen. Hyggelig overrasking og fin bonus for alt slitet :)


Det blei tid til bading på Vannkanten og mange timar i fred og ro på Ikea. Fargerike blomapotter måtte berre bli med heim. Ehh eg fyllte egentlig opp to bilar, eg som aldri skal ha noke særlig på Ikea....



Nyt sommarværet i pinsehelga alle saman.

fredag 7. mai 2010

Gjenbruk ;)


Aina Karin er veldig opptatt av og pynta for tida. Litt praktisk er ho også, for kvifor ikkje bruke lyslykta til stativ for alle de rosa barbieskoa?

Fekk meg ein god latter etter at ho hadde rydda i gårkveld....

God helg til dåke alle.

lørdag 1. mai 2010

1.mai og vårmønstring

Softis og utepils! Då har me fått med oss dei viktigaste vårteikna her på vestlandet. Det var mykje folk og stor stemning under årets mønstring. Arrangørane hadde gjort det veldig trivelig med kiosk og hoppetelt for de minste. Stor suksess!


Det var skikklig vårver også. Sol og kald nordavind. No går det berre ein vei, snart sommar!


Treningskalenderen for april er eg stolt over. Har vore ein tur til Kaldestadåsen, ein til Onarheimlio og ein til Bogsnesåsen kvar einaste veka. Puh, snart klar for Melderskin no....



God helg til alle!