søndag 29. mars 2009

Oppussing på lavbudsjett


Når Jernia åpna butikk her i haust,så var det 1 l. Perfect interiørmaling på tilbud til kr. 49,-, og eg bevilga meg 5 liter. Siste verk er den gamle kjøpmannsdisken og vitrineskapet som har fått seg noken strøk. No minkar det etter at hyller og kjøkken er ferdig mala.
Eg skulle ønska eg hadde eit bedre kamera for det er umulig å ta fine nærbilder med det gamle kompaktkamera mitt :(


Det blei ein runde og to den siste veka Fryd hadde opphørssalg.


4 slike putetrekk som eg har planar om å bruke ute i hagemøblane. 30,- kr. pr. stk. må vel vera eit kupp? Eit par flotte korger som skal fyllast med løk i desse dagar og pynta opp på trappa. Eg ser at mange er komme godt i gong med vårspretten ute, men det tar visst litt tid her hos oss.


Nydlig fint vårvær i dag, så nå skal me ut å finna litt kvistar så me er klar til å laga påskebusk.

fredag 13. mars 2009

Måtte det går fort


Opphørssalget på Fryd. ;) Kvar dag denne veka så har eg vore innom i lunsjpausen, og ved arbeidsdagen slutt har eg lagt enda ein Fryd-pose i bilen.
I går måtte eg ta dei inn,og her ser de vekas fangst.
Tanken var jo at eg skulle hamstra litt gåver og ha på lur,men det ser ut som eg trenge det mesta sjølv. No skal eg halda meg borte til det er 70% avslag. :P


Blir ikkje så mykje produsert på håndarbeidsfronten for tida, men eg har laga ein tunika til Aina Karin. Den blei dessverre i minste laget så då er det berre å begynna på ein ny....


Juleløpar til spisebord har eg forresten laga også. Kjenner at eg er klar for vår og sommar no, og lei raudfargen.

Ønsker alle ei flott helg!

mandag 9. mars 2009

Oppussing av kropp og sjel


Det er ikkje berre huset som blir påvirka av vinterdvalen. Kvart år så tenker eg at no skal eg ta meg sammen og får mosjon og frisk luft. Det blir ofta berre med tanken.
I år har eg altså kryssa av på kalendaren alle dagane eg har jogga,gått tur eller svømt. Målet har vore tre ganger i veka og kalendaren har hjelpt meg til å halda motivasjonen oppe.

Så har eg også fått eit nytt møbel i hus :) Er nødt til å ha det ståande i stova hvis ikkje kjem eg ikkje til å bruka den. Fortsatt så prøver eg å ta noken rundar på denne om kvelden. Egentlig eit heilt supert apparat som du kjenner tar på magen. Anbefales.



Eit anna vinterfenomen er jo sjuke ungar.Egentlig ikkje så rart når temperaturen svingar med mange,mange grader frå dag til dag. Blei oppringt frå barnehagen i dag og måtte henta ei halvsjuk jente. Ho er nok trøtt og utrangla etter helga og får seg ein velfortjent kvil på sofaen.

tirsdag 3. mars 2009

Leiter etter motivasjon


Eg har så lyst på to svarte sofaer. Er heilt sjuk. Den eg har er for stor til stova mi, og når eg kjøpte ein billig sofa for fem år siden var eit av argumenta at eg kunne bytte den ut med god samvittighet når eg fekk lyst på ny.Nå er den i tilegg ganske slitt etter ein runde med småbarn i huset. Men det er det å ta seg råd til det då...

Eg har mange småprosjekt eg skulle begynnt med. Male terassedøra kvit, male ei hylle og to osv.osv. Eit par småting som skulle vore spraya med sølvspray etter inspirasjon frå Irina.

Dagene går, lite blitt gjort. Kanskje det blir litt meir energi å finna når kveldane blir lysare?