søndag 20. desember 2009

Verdens beste julegave


Årets juletre er på plass. Me pleier ofte å pynte siste helga i advent for å få litt julekos i heimen også. Det blir alltid ein del reising i romjula og nyttårshelga så då gjere med det slik.

Årets beste julepresang, er den nyfødde nevøen min. Endelig er også eg blitt tante, har venta i mange år på dette øyeblikket. No er han her, lille Inge som kom heime i stova på oldefar sin 91 års dag, 17.desember 2009. Nydlig liten skapning dette her.


Snø,snø,snø og atter snø. Einaste folk snakkar om. Unntakstilstand og kaos er det einaste den fører med seg her på vestlandet........



Fortsatt god førjulstid.

fredag 11. desember 2009

Snekring og juleforberedelsar


Hobbyrommet begynnar å ta form. No er det innredninga som gjenstår. Skal laga meg ein god arbeidsbenk som går langs heile veggen. Gleder meg til det blir ferdig, og symaskina er på plass.



Juleforberedelsane er det så som så med. Brune pinner som eg fant oppskrift på her. Knallgode!


Kakemennene er laga og foreviga. Det er eit slit som det er godt å få overstått ;)


Julestemninga er absolutt ikkje på plass enda, men eg prøver å pynte og dille litt også håpar eg stemninga kjem etterkvart.



Ønsker alle ei fin adventshelg.

søndag 29. november 2009

Førjulstid


Julehuset er komme på plass. For første gang har det fått snø på taket, og det blei veldig koselig. Nå skal me bruka dagane framover til å pynta rundt huset. Vesle jenta har leika i fleire timar med huset i dag. :) Pollypocket tar seg ikkje nett lika fint ut som nissar og englar.


Gnomkræsj! Eg har enormt med gnomar på lager om noken er interessert.Har brukt ettermiddagen på å setja skjegg på dei som ikkje har sjal.


Adventstida blir spesiell i år. Energinivået er på bunn, og kreftene blir brukt til å prøva å holda motivasjonen oppe for at ungane skal få ei fin tid. 2009 blir eit år med mykje vonde minner, men me hadde også eit flott bryllup, også blir eg tante for første gong før årskiftet.
Det einaste som er sikkert er vel at det blir jul i år og.

Ønsker alle ei fin og koselig adventstid.

tirsdag 17. november 2009

Nøff, nøff


Så kom sjuka i vår heim også. Om det er svineinfluensa er ikkje godt å sei, men hodepine,feber,vond hals og slapphet har det iallefall vore. Nå er det berre å håpa at minstejenta slepp unna, foreløbig er ho frisk som ein fisk. Noke som kan vera slitande når ein sjølv tilbringer det meste av tida som eit slakt på sofaen.



Munnbinda er ikkje oppbrukte. Det blir liksom ikkje til at ein tar de i bruk, men dei blir levert ut saman med Tamifluen. Eg trur den virkar, iallefall så virkar det som sjuka går snarare over i forhold til dei som var sjuke tidligare i haust. Kryssar fingrane for at det er dette me har hatt, og at me held oss friske og raske resten av vinteren.
Så håpar eg energien kjem raskt tilbake, syness den har vore borte ganske lenge........

God bedring til alle sjuke rundt omkring.....

lørdag 7. november 2009

Arbeid :(

Hausten er oppussingtid for meg. Eg likar ikkje å pussa opp, det er noke med det verste eg gjer.

Eg må iallefall ha det nokelunde ryddig i resten av huset, og oppussinga må gå fort. Er ikkje ei slik som "kosar" meg med slike prosjekt. Nope, dess fortare, dess betre.


Kjekt å ha bursdag, då dryppe det alltid litt nye dilleting til hus og heim.


Her kjem eit par bilder frå førprosjektet. Håpet er at dette snart skal bli eit koslig hobbyrom, der symaskina skal få sin faste plass. Planane er det iallefall ikkje noke i veien med....


Her har eg revet brystpanel og gamle minner dukker opp. Husker godt den tida då "alt" skulle vera gult, burgunder eller grønt ;)
Planleggingsdag i barnehagen i dag, så dette går ikkje så fort som eg ønsker.


Ønsker alle ei flott hausthelg!

Inspirert av andre bloggere


Det er mange flinke kokker her i blogglandia. Desse matmuffinsane fann eg oppskrift på inne på Hobbyhuset sin blogg. Veldig enkle å laga, og av ting man stort sett har i hus. Anbefales :)


Eg blir nok aldri kjent for å vera noke super kokk. Mat og baking står ikkje mitt hjerta nærmast. Av og til må eg likevell til pers, og denne Budapestkaka var enkel og laga til, sjølv for meg. Du finne oppskrifta her. (Søk på "Budapest").

Snart er det vel tid for julebakst og eg er alltid lika letta når kakemennene er ferdigbaka.


Det har blitt litt amputert trening no i haust pga. alt som har hendt, men nå er eg tilbake på rett kjøl, og det trengs vel etter alle desse etegilda for tida.

Førstehjelp og hoven fot


Vesle Aina fekk seg ein skikklig vrikking av foten i går kveld. Ho hadde vore på besøk og nytta høve til å hoppa i seng hos besøket. Hoppa i senga er ikkje lov her i huset og heller ikkje der ho var på besøk. Blei ein vond lærepeng, og no fere ho hinkande og krypande rundt her.
Aller helst vil ho sitta i vogn igjen.....


Kvelden før hadde me hatt førstehjelpskurs i stova. Alf Inge i 7. klasse har fått seg utstyr og skal læra opp så mange som mulig til å utføra førstehjelp. Han tok oppgåva alvorleg, så nå er store og små utlært. :) Eit veldig godt tiltak og kjekt å få prøva det ut skikklig.

Ønsker alle ei god helg, og mammo mi ein fin tur til Tenerife!

lørdag 31. oktober 2009

Halloween og Allehelgensdag


Eg klarar ikkje heilt å bestemma meg om eg er for eller imot desse nye skikkane som er innført her til lands av handelsstanden.
Sidan me mista pappa for noken veker sidan så er eg alltid på jakt etter noko fint som kan pynta opp hos han, og dette flotte hjerta kunne eg ikkje gå forbi. Så Allehelgensdag er nok ein dag eg kjeme til å markera for pappa og mommo i framtida.


Halloween er nå litt moro då, sidan snuppa er heilt i hundre og gledar seg i dagavis. Sidan ho får lov å gå så må me nesten vera med på leiken sjøl også. No er eg stappmett av snop etter at ho var så venleg og delte med mammo.

Ønsker alle ei fortsatt fin helg.

tirsdag 27. oktober 2009

Høstfest 2009



Forrett: steinbitfile med kongekrabbe, julienne grønnsaker, sellerirotpure, spekeskinke og safransaus!

Hovedretten var kalv og saltbakte poteter. Så datt eg av, men vi hadde dessert ut på kvelden :)


Kokken i sving. Han hadde noken flinke hjelpere også.


Så anstendige og fine.

Ut på kvelden måtte det litt meir konsentrasjon til.....

Det var ein kjempekjekke fest, eg gleder meg allerede til neste år!



mandag 12. oktober 2009

Utrulig kva som kan dukka opp


Når broren din ryddar på det gamle pikerommet og prøver å overta rommet med den beste senga heime hos mammo. Han har ikkje vunne kampen enno, men desse hadde han lagt så fint der, saman med ein stor plakat av Limahl. Noken som huskar han?


Det verste er at eg abonnerar på bladet enno, men prisen er nok femdobla sidan 1986.

fredag 9. oktober 2009

Ein ting kommer sjelden aleine


To veker etter at vi mistet våre kjære pappa, tok mommos reise slutt. Ho har betydd så mykje for meg at det går ikkje an å formidla det med nokon få ord.



Sorg går ikkje over,
den tar berre ei annan form.
Sorg ligner på havet,
til å begynna med er bølgende veldig krappe,
så kommer dønningene,
men det blir aldri meir blikkstilt.



Fred over mommo sitt minne.

tirsdag 29. september 2009

Omtanke



Det er ei tung tid for oss alle no, men utrulig godt å ha mange som deler dagane med oss.


Me fekk utrulig mykje helsingar og blomar heime hos mamma, og det varmar godt i ei tid som dette.

Når me kom heim til oss sjølve så kom det blomar og helsingar her også.


Eg sette veldig stor pris på dåke alle som prøver så godt de kan og hjelpa oss gjennom dette.


Takk for alle fine ord, blomar og helsingar.

onsdag 23. september 2009

Pappa


Pappa døde fra oss på Haukland tirsdag 15. september,kun 64 år gammel. Han klarte ikke hjerteoperasjonen, og nett nå føles sorgen uoverkommelig. Trygge, gode pappaen vår som vi savner enormt. Alt føles så uvensentlig og trist, men de sier at morgendagen kommer uansett.



Fred over pappa sitt minne.

fredag 11. september 2009

Hauststemning


Sommaren er definitiv over for i år, og hausten kom brått og brutalt for mange vekler sidan. Så brått at lecasteinane på terrassen ikkje fekk maling på toppen før regnet sette inn for fullt. Nå får det venta til våren.

Sommarfuglane som skulle henga så fint på terrassen kom opp mellom regn og stormbygene.

Eg er på desperat jakt etter krus og tallerknar i denne serien. Om noken veit om butikkar som har igjen av dette, vil eg bli veldig takknemlig for ein mail.




God helg til alle sammen.

fredag 28. august 2009

Sist i august


Lys blir tent i kveld og kakao til kveldsmaten.


Bok,strikketøy og fjernkontroll innen rekkevidde.


Det er defenitiv ikkje noko sommarkveld, men ein mørk regnfull kveld. Kunne tru det var oktober. :(


Brudepikebuketten frå sommarbryllupet er sjølvkomponert og foreviga.


God helg til alle saman.