søndag 20. desember 2009

Verdens beste julegave


Årets juletre er på plass. Me pleier ofte å pynte siste helga i advent for å få litt julekos i heimen også. Det blir alltid ein del reising i romjula og nyttårshelga så då gjere med det slik.

Årets beste julepresang, er den nyfødde nevøen min. Endelig er også eg blitt tante, har venta i mange år på dette øyeblikket. No er han her, lille Inge som kom heime i stova på oldefar sin 91 års dag, 17.desember 2009. Nydlig liten skapning dette her.


Snø,snø,snø og atter snø. Einaste folk snakkar om. Unntakstilstand og kaos er det einaste den fører med seg her på vestlandet........



Fortsatt god førjulstid.

fredag 11. desember 2009

Snekring og juleforberedelsar


Hobbyrommet begynnar å ta form. No er det innredninga som gjenstår. Skal laga meg ein god arbeidsbenk som går langs heile veggen. Gleder meg til det blir ferdig, og symaskina er på plass.



Juleforberedelsane er det så som så med. Brune pinner som eg fant oppskrift på her. Knallgode!


Kakemennene er laga og foreviga. Det er eit slit som det er godt å få overstått ;)


Julestemninga er absolutt ikkje på plass enda, men eg prøver å pynte og dille litt også håpar eg stemninga kjem etterkvart.



Ønsker alle ei fin adventshelg.