søndag 19. september 2010

Kvardagsgleder


Det må vera å nyta ein skjønn bukett med avskorne blomar som er ein oppmuntring frå gode venninner.

Eller det kan vera å finna ein pose med hjartesjokolade som var til overs etter onkel sitt bryllup!


Det kan også vera bollefest saman med gode naboar


500 gr. kveitemjøl
150 gr. sukker
1 ts. bakepuler
1 pk. tørrgjær

Has opp i ein bolle.

75. gr. smeltas mør
3,5 dl. melk

Has opp i det tørre.

Hev til dobbel størrelse. Trill ut og pensle med egg.
Steik på 225 gr. midt i ovnen i 12-15 minutt.



Ikkje fullt så glad blei mammo når ho sto opp og såg at stova var omgjort til klasserom......

fredag 10. september 2010

Det lakker og lir....

Denne nydelige hortensian fekk eg av naboen då bror min var sjuk i fjor. Det var ein nydelig farge på den og eg hadde ikkje hjarta til å kasta den etter at den hadde gjort sin misjon. Når den hadde sett sine beste dagar så spadde eg den ned på ein tilfeldig plass i hagen. Hadde gløymt heile planta før eg blei møtt av dette flotte synet i forrige veke. Herlig!

Hausten er i anmarsj. Me har hatt ei varm og flott veke, men kjenner likevell at hausten er på vei. Mørket kjem tisligare og tidligare. Haust er også lesetid, og bror min har anbefalt denne boka. Eg veit ikkje heilt kva eg synes enno, men etter 300 sider så held eg det gåande. Berre 600 sider igjen....



Lyng og innekos er vel dei klaraste hausttegna ein kan finna!

fredag 3. september 2010

Nib-utfordring: Soverom


Endelig ein Nib-konkurranse eg kan vera med på. Soverommet er vel om sant skal seiast, det einaste rommet i huset som er ferdigstillt og eg er fornøyd med.

torsdag 2. september 2010

Terningkast 6




Randi og Karsten



Me har fått vore med på ei uforgløymelig helg, og brudeparet var nydelige i heile sin bunadsprakt. Alt var perfekt og eg trur samtlige 82 gjester storkoste seg. God mat og mykje god drikke blei fortært.


Eg fekk æra av å laga dekorasjonar, og med 75 solsikker tigjengelig så blei det mange flotte dekorasjonar. Kjekt å få fråtsa litt.


Alle gode ønsker for framtida ønskes frå oss!