onsdag 27. august 2008

Skal,skal ikke...

Det er det store spørsmålet for tida. I forrige innlegg viste eg kjøkkenet til Anne Sofie og Robert før og etter at dei malte det. Det blei så flott, og eg har så lyst å gå i gang med mitt eige.
Det er vel berre å begynna,men det blir litt av ein jobb, og hvilken farge skal eg male det i?
That's the question.

Her er nokre før bilde, blir spennande kor tid det dukkar opp nokre etter bilder......


Er ikkje så mykje som blir produsert på håndarbeidsfronten for tida, men denne flotte boleroen eg strikka til Aina Karin må eg nesten visa fram. Ganske stolt over meg sjølv som fekk dette til
.
Ikkje fullt så vanskeleg å produsera desse vaskeklutane. :) Har lagt opp 50 m med bomullsgarn på pinne nr. 4, og strikka perlestrikk til det blei ein kvadrat. Fin måte å bli kvitt litt restegarn.

mandag 18. august 2008

Skryteinnlegg til "veslejenta" mi

Som ikkje er så lita lenger.Me savnar ho masse,alle sammen. Om 10 måneder no så har ho forhåpentligvis ein bachelorgrad i økonomi, og eg trur det er ei som gleder seg stort til å vera ferdig med skulen for ei stund;)
Då begynnar husbygginga, og det blir spennande for oss alle saman. Gledar meg som ein unge eg og til de er i gang.

I sommar har dei pussa opp kjøkkenet sitt, etter at eg hadde vist bilde frå Den gode feen sin blogg,og dei var kjempeflinke.
Dei kan få lov å komma over fjorden og ta vårt også.


Før:



Etter:





Må nesten ta med eit bilde av den koslige stova deiras også. Blei kjempefint med ny sofa. ;)
Eg gleder meg til å komma på besøk til dåke, det kan ikkje bli så lenge til.


lørdag 2. august 2008

Når katten er borte

Da danser musene på bordet. Mange år siden eg kjøpte nye håndtak for å bruke på dørene på garderobeskapa på soverommet,men det har blitt utsatt og utsatt.
Når mannen reiste til fjells og været blei bra,bestemte eg meg for å gå i gang.
Naboen hadde sparkel, og maling hadde me i boden.Håndtaka blei kjøpt på Ikea, kr.9,00 for 6 stk. Det blei veldig lyst og fint, nå er det berre resten igjen.

Me har hatt nokon nydlige dagar.Vært på stranda dag etter dag,men me hadde brukt for ein pause etter kvart, og då er det godt med det store bassenget i hagen. Til og med eg måtte oppi og dyppa meg litt.

Eg prøver så godt eg kan og passa på blomstrane i varmen.Det ser ut som det blir litt forskjellsbehandling.Begge står i idenstiske potter, men ser litt ulike ut, ja.