fredag 28. august 2009

Sist i august


Lys blir tent i kveld og kakao til kveldsmaten.


Bok,strikketøy og fjernkontroll innen rekkevidde.


Det er defenitiv ikkje noko sommarkveld, men ein mørk regnfull kveld. Kunne tru det var oktober. :(


Brudepikebuketten frå sommarbryllupet er sjølvkomponert og foreviga.


God helg til alle saman.

søndag 23. august 2009

Haustpynt


Ein ting har iallefall alle me vestlendingar til felles, me klagar over været. Eg er intet unntak, og er komme i hauststemning allerede. Slutt på lyse fine kveldar og då er det fram med lys i stakar og på fat. Det gamle fløytesettet har eg fått av pappa som igjen hadde det med seg frå sin heim i Stavanger.



Etterlysing:


Dette skiltet kjøpte eg på Bohus for ei tid tilbake. Har lyst å fresha opp gangen nede litt, og ønsker meg lignande skilt med Bedroom og Laundry på. Om noken har idear om kor eg kan få tak i slike, så blir eg kjempeglad for ein link.



Hausten er tid for bærplukking og innhausting. Årets blåbærtur er unnagjort og blåbærpaien laga.



Ønsker dåke alle ei fin veka!

fredag 14. august 2009

Litt reklame


I år har me vore i Familieparken i Kinsarvik igjen. Ein utrulig behaglig plass å dra med de håpefulle. Små badebasseng med sklier til vetlajenta, og eit litt større for Alf Inge.


Parken er akkurat passe stor, og ikkje prega av køståing. Små plasser er det laga til, der me kan setta oss ned og laga vår eigen base. Grillar og benker er tilgjengelig.


Små trøbåtar, rebusløp og gullgraving er det også. Kvart år så finner ungane ein gullklump som dei bytter inn i premie, som i år var barneskjei frå Hardangerbestikk. Koslig.


I fjor var det komme ein ny "rubbhall" som var fyllt med leikeavdeling og ballrom. Veldig grei måte å få ut litt energi på. Ansiktsmaling måtte selvfølgelig prøvast det også.


Ferien er over, ikkje mykje late stranddagar i sommar, men likevell så har me fått slappa av og er no klar for 48 veker med jobb før neste ferie....

mandag 10. august 2009

Ein stor dag


Eg har fått ny tittel, svigermor. Brudens mor! Me har vore med på ein flott og perfekt bryllupsfeiring.


Vesle Aina Karin som brudepike, og brudgommens nevø som svenn. Heilt herlege. Den flinke lillesøstra til brudgommen hadde sydd ein alldeles nydelig brudepikekjole MED slep!


Været kunne vore bitte litt bedre, men regn betyr lykke, så her skal det vera gode mulighetar.


Mykje god mat, og mange gode kaker fordelte seg på 64 gjester. Eg trur at alle storkoste seg når me delte denne dagen med dåke.


Eg ønskjer dåke alt det beste for framtida Anne Sofie og Robert.