onsdag 29. juli 2009

Det nærmar seg


Bryllupet til Anne Sofie og Robert nærmar seg med stormskritt. Det er faktisk litt travellt å vera brudens mor også. ;)
Eg har fått det ærefulle oppdraget med å laga blomsterdekorasjonane. Gleder meg til det, og skal beroliga brura med at dei skal bli flotte og dekorative.

Brura begynar å bli litt stressa,men så lenge det ikkje blir for mykje bridzilla tendensar, så høyrer det med. Det kjeme til å bli ein perfekt dag!



Kjole til meg er det verre med. Har vore skikklig uheldig. Første eg såg meg ut,så blei det problem med paypal og den fekk eg ikkje. Den andre var utsolgt på nettbutikken, etter at eg hadde fått bekrefta at den var sendt meg i oppkrav.Surt, men ein kjole skal det nok bli råd med likevell.

mandag 13. juli 2009

Sakte tempo


Det er kjedlig å feriere heime i regnvær. Dagene kan bli lange. Har ein del prosjekt eg skulle gjort ferdig, men får ikkje ånda over meg. Prøver å rydde litt og fant dette gamle bildet som eg arva etter farmor. Eg veit at eg fekk eit i ei oval ramma også, men det har ikkje dukka opp endå....


Alf Inge har vore kjøkkensjef. Potetstappa,karbonadar og smelta smør. Iallefall ein av favorittrettane til de håpefulle, og veldig greit når de kan koka sjølv. Dessert høyrer med, og denne flotte kreasjonen blei servert av kokken.


Middagsmat er ikkje øverst på prioritetslista no om sommaren. Me kjøpte pizzasnurrar ein dag, og jammen meg var det noko stusslige greier...


Snuppa er fornøyd stort sett. Hannah Montana er den store helten, og antrekk skiftes min. fem ganger om dagen. Tenk på søndag fyller ho 5 år. Heilt utruleg kor fort tida går.



Sol,sol kom igjen....

tirsdag 7. juli 2009

Nå er vi i rute :(


I morgen er siste arbeidsdag før ferien. Eg har brukt desse fine sommardagane til å mala,mala og atter mala for å bli ferdig til ferien, slik at den berre kan nytast.



Har forberedt meg godt til kampen mot myggen som skulle forgå kvar kveld ut i de små natterstimar.


Ser ikkje ut som det blir det eg har mest brukt for, for i går kom regnet. Hadde ikkje før fått pakka bort malingsspanna før det begynnte :(


Men,men været er det ikkje noke å gjera med, får berre kryssa fingrane for at langtidsvarslinga på yr.no er vela pessimistisk....


God sommarferie til dåke alle.