onsdag 31. august 2011

Hausten er på vei


Sannsynlegvis er sommaren over, og hausten kjem for fullt. Eit kjent tegn er at det begynna å bli tomt for sommarblomar i krukker og kar. Dei få som står igjen fylles med lyng. Lyngen er fargesprakande og fin i skogen, og pyntar også opp på stovebordet. Sommarkleda blir pakka bort litt etter litt, og haustjakkene kjem fram igjen.


Har ikkje blitt gjort all verden hos meg i sommar. Har enormt med planar kvar vår, men eg har klart å få murt meg ein mur. (I allefall ei rekka til). No skal da fyllast på jord, leggast duk og bark på toppen. Til neste vår, kanskje....

Men sommarferien gjorde meg godt, sakte men sikkert kom energien tilbake og treningslysta for fullt. Skulle berre ynskja døgnet hadde fleire timar, eller lengre kveldar, for det er då arbeidslysta har det med å komma.






onsdag 17. august 2011

Skulestart


Skulestart må feirast med kake slik seg hør og bør. :) Ein 2. klassing og ein 9. klassing. Det går utrulig fort.

tirsdag 9. august 2011

Back in business


Så var kvardagen her igjen. 4 veker ferie forsvant i ein fei, og no er det back in business. Ungane styrer seg sjølv, og det er herlig at dei er blitt så store. No er det ei veka igjen til skulestart, då er det full rulle for alvor. Slutt på seine kveldar og trege morningar, men reknar med at det går seg fort til. Aina Karin hadde funne dukkene sine i putekassen ute (!) og pynta så fint i vinduskarmen. Og det beste av alt er at eg no slepper plenklypping, enno ein fordel med ein stor gut i hus. :) Pliktene tar seg opp, og allerede siste søndag i august skal me på konfirmasjonpresentasjon. Kor blei det av den vesle guten min?




mandag 1. august 2011

Bedre seint enn aldri


Siste terrassen blei klargjort for bruk i dag. Me skriver 1. august og jordbær inntas i herlig ettermiddagssol. Under parasoll og med pc på fanget. Kan det bli betre?