onsdag 31. august 2011

Hausten er på vei


Sannsynlegvis er sommaren over, og hausten kjem for fullt. Eit kjent tegn er at det begynna å bli tomt for sommarblomar i krukker og kar. Dei få som står igjen fylles med lyng. Lyngen er fargesprakande og fin i skogen, og pyntar også opp på stovebordet. Sommarkleda blir pakka bort litt etter litt, og haustjakkene kjem fram igjen.


Har ikkje blitt gjort all verden hos meg i sommar. Har enormt med planar kvar vår, men eg har klart å få murt meg ein mur. (I allefall ei rekka til). No skal da fyllast på jord, leggast duk og bark på toppen. Til neste vår, kanskje....

Men sommarferien gjorde meg godt, sakte men sikkert kom energien tilbake og treningslysta for fullt. Skulle berre ynskja døgnet hadde fleire timar, eller lengre kveldar, for det er då arbeidslysta har det med å komma.






Ingen kommentarer: