søndag 28. desember 2008

Litt skuffa....


Snakk om eit bedrøvelig syn som møtte meg i dag. Må nesten berre flira litt også, for snakk om å sjå "steindaud" ut.....

Slik såg altså juleblomane våras ut etter at me kom heim frå juleferien i dag. ..


To er kjøpt på matbutikk, og to er kjøpt på blomsterbutikk. Har egentlig aldri trudd at det var noko forskjell på det, men no har eg fått ein annan erfaring.

Men aldri så gale, det er vel halv pris av halv pris på juleblomar no i romjula? Håpar på det for eg må på blomehandel i morgen ;)

tirsdag 23. desember 2008

Dagen før dagen


Nå er det like før. Ungane er full av forventningar og huset er klart til julefeiring.


Me vil ønska alle ei god og fredfull julehelg!

søndag 21. desember 2008

Julehuset mitt


Eit av mine første juleminner er julehuset heime hos mommo og besten.Det sto i hylla ved sida av den interne telefonen på gården året rundt. Men på vesle juleafta så tente mommo lyset i huset, og det vart skikklig julestemning ned hos dei.
Me hadde eit heime hos oss og, men det tok ikkje mammo fram før på vesle julafta. Mamma tar bomull på taket slik at det ser ut som snø, og pyntar rundt med mange nissar. Eg kan ikkje minnast at me ikkje hadde desse husa.Onkel Ove laga desse to husa i sin ungdom, og eg har alltid ønska meg eit eg og.


Jula 2006 var det min tur.Onkelen min hadde brukt hausten på å laga eit hus til meg. Kan tru eg vart overraska når eg skjønnte at eg skulle få julehus eg og. Inni er det bilde av dei tre ungane våre, og eg kjenner julestemningen kjem sigande når huset kjem fram. Eg har funne ein mellomting mellom mamma og mommo sin tradisjon, eg tar det fram når eg pyntar til advent.


Det er rart med deg, Eg har mine minner med frå barndomsjulene, og våre ungar lagar sine eigne minner.
Denne duken sydde eg mens eg gjekk gravid med Alf Inge for 11 år sidan. Eg blei sykemeldt på hausten og haldt på å gå på veggene. Då kom mamma med eit broderisett ho hadde kjøpt, og eg sto på for å få duken ferdig til jul. Det blei eg akkurat og denne duken har vore på salongbordet kvar jul sidan.

Det var litt om mine juleminner, dukkar nok opp fleire etter kvart som pynten kjem på plass i huset!

tirsdag 16. desember 2008

Julefreden senker seg

Absolutt ikkje noke samarbeidsvillig kamera for tida, så tapeten kjem ikkje til sin rett. Det blei knallstilig irl, og når eg får flytta bort det kvite teppet og setja spisestua på plass trur eg det blir bra.
No ønskjer eg meg ei flott krone/lampe til å henga over bordet. Reknar med dei fleste er ferdige med julegavene så det er nok for seint å ønska seg det til jul i år. ;)
Men eg blei fornøyd,det er det viktigaste.

Den eine kjøkenstolen blei ødelagt.Heldigvis kan eg vel nesten sei, for eg grudde meg fælt til å gå i gong å mala dei kvite. Då var det godt å ha ein unnskyldning til å dra på Ikea og kjøpa nye. Eg enda opp med svarte, og det store spørsmålet no er om eg skal mala beina på bordet kvite eller svarte? Eg tar imot forslag. (Den stanga over bordet bør absolutt få seg ein "juleshining" ser eg).

Anne Sofie har juleferie og var heima i helga og passa ungane mens det var tid for julebord. Ho foreslo å ta Aina Karin med seg til Stord et par dagar, og det var det ingen som motsette seg.
Eg nytta høve til å pakka inn alle julegavene imens. Deilig å få gjort det i fred og ro. No er det berre noke småplukk til ungane frå nissen igjen å kjøpa.


Ønsker alle ei koslig førjulsveke.

tirsdag 9. desember 2008

Galskapen rår


Men denne tapeten må berre på plass bak veggen i spisestua før jul. Trur det kjem til å bli knallfint, men klarar nok ikkje å få det ferdig før etter helga. Helga skal tilbringast på hotell i Bergen, og det skal bli godt no i ei hektisk førjulstid.

Eg kjem aldri, og då meiner eg aldri til å bli ei slik mamma som kosar seg med ungar og julebakst. Det er faktisk noko av det verste eg gjer, men bit tenna saman år etter år og får det unna. Her er årets forsyning unnagjort og foreviga.Det er det viktigaste.


No er årets produksjon av heimalaga julegåver ferdig. Blei veldig fornøyd med gnomane og de utvalgte mottakarane har nok sett desse karane før.