onsdag 18. august 2010

Endelig var dagen her



Aina Karin er klar for første skuledag. Ho har venta både vel og lenge, og gleda seg kjempemasse. Alf Inge begynnar på ungdomsskulen og har ikkje gleda seg fullt så masse, men etter litt overtalelse så fekk eg nå eit bilde av de begge to.




Nista smørte Aina Karin sjølv og pakka forsiktig ned i sekken som har vore klar i mange dagar. Veldig stolt over matboksen som ho har fått av daddo til bursdagen. Endelig så er det blitt kvardag igjen, og det er berre 189 skuledagar igjen til sommarferien.......


Her er intervju med skulejenta vår. :)

tirsdag 3. august 2010

Sommar 2010


Trur at eg er vokst opp med verdens finaste utsikt. Ingen plass er det så fint som på Netland i solskinn og Folgefonna som blenkjer i bakgrunnen. Mommo og Besten sitt hus på nedsida av veien og ferjer som kryssar fjorden.Eg må komma med ein tilståelse, eg er vanskelig å imponera når det gjeld utsikt.....


Bluesen i Skånevik er blitt eit fast sommarinnslag, så også i år. Hadde ei kjempehelg og ZZ-top leverte!


Blei nå jaggu meg noken timar i køståing på Årsnes på oss i sommar. Fattar ikkje at ikkje veiene kan gjerast klare før ferjekaien opna, men det blir vel bra i løpet av hausten. Det kan iallefall ikkje bli verre enn det var.....

Sommaren kom og gjekk, om to dagar er det skulestart i heimen og flagget til topps. Mellombror startar på ungdomsskulen og veslesnuppa i 1. klasse.

Kinsarvik


I år blei det tur til Mikkelparken i Kinsarvik igjen. Veldig grei park for de små, men litt i minste laget med aktivitetar for dei som nærmar seg tenåringsalderen.


Me var heldige og hadde oppholdsvær heile dagen, det er nesten eit must i ein slik park der det meste foregår utandørs. ;)


Onklane viser fram barnetekke sitt.


Fjordhotellet var barnevennlig og det var stort aktivtetsrom i kjellaren med personale mellom kl. 18.00 og 21.00. Supert! Når klokka nærma seg 23.00 så kom bardama med drinka til de håpefulle.Det var stas!


Nå er me inne i siste ferieveka og har ei jenta som gledar seg stort til skulestart, og ein som ikkje er fullt så begreistra for ungdomsskulestart.....