søndag 31. oktober 2010

Knask eller knep


Halloweenfeiring er jo eit nymotens påfunn her opp i nord, men den som er med på leiken må tåla steiken.....
Kamelar svelges med stor appetitt her i huset. Aina Karin har ikkje snakka om anna i heile helga, og ventar no berre på at mørket skal komma. Heldigvis har ho verdens beste storebror som har lovt å vera med ho ein tur i nabolaget.


Nachos er blitt den nye lørdagsfavoritten her i huset. Veldig enkelt og kjapt å laga, også smakar det knallgodt. Me brukar berre chips, kjøttdeig og pizzafyll, før me har ost på toppen. Enklare kan det ikkje gjerast.


Mykje maling som gjenstår enda, men stova begynnar å bli ferdig, iallefall ein vegg. :P Måtte spandera på meg desse som belønning for strevet:


Ha ei fin veke i haustveret, og husk at alt vær er bedre enn snø.

torsdag 21. oktober 2010

Godteri til helga


Har fått mange nye dynetrekk som eg kan kosa meg med å sortera i helga. Alt dette fekk eller fant eg når eg var heima hos mammo sist helg. Det var faktisk som å "frotsa" i ein godteributikk.


I helga tenkte eg å dela opp ein del, og klargjera for sying. Det var berre denne tida som ikkje strekker til. Planen er og å få til ei byttesida.



Her er det allerede komme snø og elendighet, heilt klart tid for innesysler.

onsdag 6. oktober 2010

Ansvarsfraskrivelse


Husvask er kjedelig, men bør gjennomførast med jamne mellomrom. Eg tenkte som så at om eg fant ei fin vaskebøtte så ville pliktene gå som ein leik. Den gang ei, det det endar opp med er at eg kjøpe fine vaskemidlar og brukar tida til å "ommøblere" med dei. Herlighet, mammo må tru eg har klikka. :))


Egentlig så er det Emmeline si skyld, for kvar gong eg tenker på husvask og den fine vaskebøtta mi, så tenker eg på Emmeline og lurer på om ho har bøtta med så fine prikkar på, også tar eg meg ein tur foran laptoppen og blir sittande å lesa bloggar istadenfor å vaska hus. Sannelig så var det det som hendte i dag og.........

Ikkje såå sunn vekemeny forrige veka

Mandag:
Pasta med mozzrellasticks
2pk tortellini
1pk. mozzarilasticks

Rundt 80 kr. for 2 voksen og 1 barn.
15 minutt.

Tysdag:
Ertesuppe med pølse
1 pk. ertesuppe
1 stk. kjøttpølse
1 pk. firstprise baguettar

Rundt 40 kr. for to voksen og eit barn
15 minutt

Onsdag:
Kjøttbollar
1 pk. kjøttbollar på Rema
5 poteter
3 gulrøtter
1 brokkoli
1 pk. brunsaus

Rundt 80 kr. for to voksne og eit barn.
15 minutt uten koketid for potet og gulrot. ;)

Torsdag:
Komler
1/2 pk. komlemjøl
1/3 stk. bacon
Rundt 40 kr. for to vokne og eit barn.
15 minutt + trekketid

Fredag:
Pizza
BigOne :)

0 minutt+steiketid
65 kr. for to voksne og eit barn

Lørdag:
Nachos
1/3 pk. tacochips
1 kjøttdeig
1 løk
1/2 pk. topping
15 minutt + steiketid
50 kr. for to voksne og eit barn

Søndag
Kotelettar
1 pk. svinekotelettar
ris
rømme
1/2 pk. chips

30 minutt
80 kr. for to voksne og eit barn

Ingen fisk denne veka, men salat har me hatt som tilbehør noken gonger. Har stort sett ei skål med salat beståande av ruccola, tomat,bønner og ost i olje ståande i kjøleskapet.