onsdag 26. desember 2012

Årets produksjon

Årets produksjon av heimalaga julepakkar blei ikkje den største, men det blei no noken.


Pr. i dag er eg full av idear til jula 2013, men erfaringsmessig så dalar den vel på ned når me kjeme til januar.

onsdag 19. desember 2012

Julatre 2012


Jula kom i 2012 også. Det blir ei vanskelig og vond jul, men me må fokusera på de håpefulle og gje dei det dei fortener av kos og julefeiring. Savn og lengsel blir endå meir forsterka og minnene strøymer på.Heldigvis har me mange flotte små som fortener ei flott jul.

torsdag 13. desember 2012

Believe it or not


Men eg har faktisk baka kakemenn og risbollar. :)


søndag 2. desember 2012

Så lenge varte jula.....




Så lenge varte julapynten på trappa i år......

fredag 30. november 2012

Litt jul


Jula kjeme vel i år og. Var med ei venninne og fant noken juletre som blei pynt på trappa. Julehuset frå Onkel Ove og adventstaken er komme på plass. Tar det litt etter litt. No er me klar for julehandel på Stord, og ei kjekke helg med alle de små. :)


torsdag 8. november 2012

Hjertefred 4. november 2012


Synes Hjertefred er et flott tiltak, og veldig takknemlig for de flinke jentene som steller i stand i vår kommune.I år var andre gang det blei stelt i stand, og det blei ei rørande og fin stund.


Mine tanker er hos mine kjære eg har mista og me tente eit lys for
Pappa,mommo og Karsten.


Tenkjer på deg,
kvart steg,
kvar dag.


Saknet er kjærleikens pris!

mandag 15. oktober 2012

Haustferien 2012


Desse to her gjekk å beita ned på bakken når eg var innom mammo i helga. Er nå litt artig og.


Forrige veka var det haustferie, iallefall for de håpefulle. Eg tilbrakte helga på Haukland Sjukehus saman med min nevø som var så uheldig å brekka lårbeinet for eit par veker sidan. Men makan til tapper liten gut trur eg me skal leita lenge etter. No er det full nedtelling og me kryssar alt me har for at den lille familien er heima i huset sitt igjen på fredag.


lørdag 6. oktober 2012

"Haustkos"


Haustkos i hermetegn, for eg likar definitivt ikkje denne årstida. Det blir mørkare og mørkare, litt koselig med jul og så noken laaaange månader før det blir lysare igjen. Eg elskar vår og sommar. Lange, lyse kveldar og dagane virkar dobbel så lange. No for tida er det liksom kveld ein time etter arbeidstid. ;) Snakk om å vera negativ.;)


Litt ny bordpynt på spisebordet hjelper nå på, og ein nydelig dekorasjon frå goaste Ingunn.

lørdag 22. september 2012

Verdens beste nabo


Trur eg har verdens beste naboar. Små omsorgsfulle drypp i kvardagen, eit fat med kjeks, bollar, middag osv. Det er så godt å ha noken i nærleiken som ein veit bryr seg når livet er tøft og vondt. Ei lita lyslykt eller ei heimalaga puta.  Det varmar så mykje og gjere så godt.


No går me inn i den mørke årstida, tida eg sjeldan klarar å gleda meg over. Men med verdens beste naboar så skal me komma oss gjennom vinteren i år og. :) Så fort som vekene går så er det faktisk snart vår i gjen. Tenkja positivt er viktig!

søndag 16. september 2012

Savnet

Savnet etter min kjære lillebror er enormt. Aldri meir høre stemma hans, småkjekla med han og få gode bamsekosar av han. Det er vondt langt inn i sjela og eg slite med å forstå og godta at han er borte. Eg vil ikkje akseptera eller godta det, eg vil at alt skal vera som før........


Flotte, staute, gode Karsten


Din godhet og glede vil for alltid bli i våre hjerter.

tirsdag 4. september 2012

Barnedåp


 


Søndag 02.09.2012 blei lille Karete døypt. Det blei ein verdig dåp med mykje følelsar involvert. Me koste oss i lag med knallgod grillmat og stort kakebord. Partytelt pynta til den store gullmedlje, altså alt som høyrer med var på plass.Min herlige familie samla og me veit å kosa oss i lag, sjølv om det i slike anledningar blir veldig synleg at ein stol står tom....

 Onkel Gudmund fekk æra av å vera gudfar, ei oppgåve eg er sikker på at han klarar veldig bra. <3>


 Farmor og dåpsbarn <3>

(Gaahhh, eg får ikkje til å laga mellomrom mellom bilda,derfor blir det litt tekst her og litt der :P)

Jentene i fine bunadar og eit av mammo,meg,Gudmund og Steinar. Neste dåp får me håpa at Gudmund står lika staslege som oss andre.

 
 

onsdag 15. august 2012

No skal det bakes...


 Ikkje mange innkjøp som er fortatt i sommar, men litt kjøkkenutstyr blei handla i Legoland. :)
Anne Sofie påsto at eg var den einaste ho visste om som ikkje hadde kjøkenvekt, men no har eg da og. Hi,hi denne lyste det berre Anita av.


Salt&pepper er vel obligatorisk, og noken slike blei delt ut etter heimkomsten.


Fridag i dag og sola skinner. kanskje hagen blir sommarklar omsider?

søndag 12. august 2012

Ein sommarferie er over



Ei ferieveka blei tilbrakt i Billund, saman med svigerinna mi og våre håpefulle. Utrulig praktisk å ta MS Bergensfjord frå Bergen og sleppa den uendeleg lange reisa til Kristiansand. Løveparken blei besøkt, og eg som ikkje er så veeeldig opptatt av dyr, synes det var greit og kjapt å kjøra gjennom den. Giraff som ville eta meg, var kjapp å lukka vinduet då ja. :P


Legoland med påfølgande legopommesfrites. Trur ikkje det var mange betane som ble spist, men den blei nå kjøpt. Var der to dagar, der den eine var prega av kø og atter kø. Makan til inneffektivitet skal ein leita lenge etterpå. Veldig greit å ha vore der og ferdig med det.


Lalandia var supert. Nærme Legoland og eit supert badeland. Mykje kjekke aktivitetar, og veldig praktisk med dei armbånda som fungerte som lås til bommar,hus,garderobeskap,inngangsbillettar og som me kunne fylla pengar på slik at ungane slapp å passa på. Pluss til Lalandia. :)



tirsdag 10. juli 2012

Ein smak av sommar


Ferien er starta. Ingenting kan målast i solskinn heima på Netland hos mammo. Iallefall ikkje når barndomsbygda badar i sol. Nydelig strand rett nedforbi huset. Ungane badar og mammo satt på berget i timavis med beina i sjøen. Herlig!


Seine kvelden blei nytta på altanen med god forfrikning og ein nytelse av ein utsikt. Kan ein ha det bedre?


Joda, ein liten "tigergut" av eit tantebarn, og masse kosing med siste tantegullet. Me glede oss masse til Danmarkstur saman med de små håpefulle.


søndag 1. juli 2012

Nydelige peoner




Eg er så heldig å ha pionbusk i hagen min. Har gått å venta på at den skal slå ut i full blom, og i forrige veka skjedde det endelig. Men så var det det været då. Regnet plaskar ned og drøymen om å sitta på terrassen og nyta duft og syn forsvant fort.

Så då eg hadde "sommarfest" i går, så plukka eg dei ned med god samvittighet. Nå får eg venta på at naboen sine spring ut.Eg er så heldig at ho har planta ein lang hekk med pioner inn mot meg. *lykke*. Dei som legger seg ned mot min plen, dei er det vel lov å plukka? Ha,ha eg veit at eg får lov, så heldige er eg med verdes beste nabo..


Ferien nærmar seg, ei veke igjen no så blir det slaraffen liv noken velfortente veker. Ikkje så mange planar får ta det litt på sparket. Men 25.juli fere turen til Lalandia og me har ei veka med køståing foran oss.Kva gjere me ikkje for dei håpefulle?

fredag 29. juni 2012

Familie



Ein ting eg har lært etter tragedien 7. februar, er at familien er det viktigaste. Utan dei er me ingenting. Eg har sett mykje på bilder i vår, og samla saman mange minner som eg ikkje kan sjå meg mett på. Anene mine er foreviga på stoveveggen, andre sida er mine håpefulle sine dåpstallerkenar på rekke og rad.


Siste prosjekter som skal på veggen, det er eit par rammer fulle med siste åras begivenhetar. Både godt og vondt å laga til. Savnet er så stort og det er så uforståelig og meiningslaust det som har skjedd.




 Savnet er kjærlighetens pris

søndag 24. juni 2012

St.Hans


Blei bål i år og. me har tradisjon for å gå i båthavna for St.Hansfeiring.  I år var det ikkje noke opplegg, anna enn båltenning, så pølsene og marshmallowsen blei fortært heime. Været var elendig så resten av kvelden blei tilbrakt i sofaen og Forbrytelsen på dvd. Koste oss likavell. :) No går det på ned igjen, snart jul!

onsdag 13. juni 2012

Oliventre




 Skjer ikkje så mykje for tida, anna at eg er kommen i ny handlemodus. Litt av det eg har kjøpt er to oliventre til den nette sum av kr. 300,- for to. Då kunne eg ikkje dy meg sidan det gamle egentlig burde vore kasta......Lys brenner eg fortsatt, og desse kjøpte eg på -nille. Nett passlig duft, ikkje så skarp som andre.




mandag 28. mai 2012

8 dagar i syden



Jepp, sidan forrige søndag har me hatt sydenstemning i Bogsnesveien. Huset har ikkje vore i bruk, me har budd ute. I dag ringte eldsteguten meg på mobilen frå hustelefonen for å høyra kor mammo var. Nei, no sitte eg på terrassen på oppsida. Så det er mange kvadratmeter som er blitt beisa denne veka, jysla kjedlig når de var dekka av gult pollenstøv i dag morges. Ja,ja det regnar vel vekk etterkvart. ;)