søndag 27. november 2011

25.11.2011


Kl. 19.42 blei eg mommo til ein herlig liten gut på 3616 gr. og 50 cm. Han skal heita Nicolai, og eg er så takknemlig og stolt over ein ny prins i familien. I helga har me vore på besøk, og tatt rundreisa i Sunnhordland. Me måtte jo heimom på besøk til oldemor og tippoldefar på Netland. Alle gleder seg med de stolte foreldra!

Nicolai

fredag 25. november 2011

Ventetid, i dobbel forstand...

Julehuset er på plass som tradisjonen tilseier, helga før 1. søndag i advent. Adventstida er nesten større for oss enn jula, for då er me så mykje vekke. Det er no det er koselig med gløgg, lys, juleblomar og kakemenn.


Adventstaken blei enkel i år. Kvite kubbalys på fat. Når det sluttar å regna så skal eg ein tur ut for å finna litt kvistar og pynta litt på fatet med.

No håpar eg så inderleg at det neste innlegget inneheld bilde av ei nybakt mommo med sitt første barnebarn.......

onsdag 16. november 2011

Og me ventar, og ventar...


Her er storesøs med lillesøs. Tenk no skal Aina Karin bli tante og Alf Inge onkel. :)

Slik ser vel den vesle store jenta mi ut i desse dagar, men resultat er verdt å venta på. :) No er det ikkje lenge før babyen er på plass. :)

søndag 6. november 2011

Allehelgensdag og Hjertefred


Utrulig fin Hjertefredmarkering ned på Torgplassen i kveld. Flinke arrangørar delte ut lys og me pynta opp plassen.


Eg hadde to lysballongar som eg sendte opp til pappa og mommo. Litt vansklig å fyra de i gang, men så gjekk det litt for fort når det først var gjort. Men ildkula laaangt der oppe er altså ein slik ballong.


Det var programinnslag med musikk, dans og dikt i ein times tid, før alle fekk utdelt hjerteballongar som me slapp samtidig til nydelig musikk. Utrulig fin kveld.


fredag 4. november 2011

Bursdagskaker


Fridag i dag, og Hilde, Elin og eg var i Onarheimslio før dagen var begynnt. Nydelig tur tidlig på morgenkvisten. Så godt når da er gjort.


På onsdag hadde eg bursdag. Eg er ikkje den ivrigaste på kjøkenet, og måtte slita både vel og lenge før eg fekk eit presentabelt kakebord. Dette høyrer vel med når ho mor har bursdag. :P


Treningskalenderen for oktober blei grei nok. Litt meir oppoverbakkar en vanlig, men det gjere berre godt. Mykje farting i helgane, både Stord og Sverigetur blei da, så ikkje så mange laurdagsturar.