mandag 28. mai 2012

8 dagar i syden



Jepp, sidan forrige søndag har me hatt sydenstemning i Bogsnesveien. Huset har ikkje vore i bruk, me har budd ute. I dag ringte eldsteguten meg på mobilen frå hustelefonen for å høyra kor mammo var. Nei, no sitte eg på terrassen på oppsida. Så det er mange kvadratmeter som er blitt beisa denne veka, jysla kjedlig når de var dekka av gult pollenstøv i dag morges. Ja,ja det regnar vel vekk etterkvart. ;)


onsdag 9. mai 2012

Mykje følelsar i sving


I'm alive, men berre så vidt. Har vore noken tøffe veker. Først Alf Inge sin konfirmasjon. Det blei ein flott dag, men strålande sol og sikkert 20 grader. Dette var første samlinga etter den tragiske hendelsen i februar, og det var veldig tydelig at det var ein stol tom. Karsten var gudfar til Alf Inge, men han hadde vore stolt over festen til guten. Sannsynligvis ikkje fornøyde med maten, eg er utrulig bortskjemt med Karsten som alltid tok styringa på kjøkkenet i slike situasjonar, og no må eg klara meg sjøl.....:(




Fredagen etter blei Karsten si datter født. Då bar det avgårde til by'n for å helsa på vesle Karete. Nydelig liten skapning som me er utrulig takknemlige for. Ein liten del av han. Det var følelselada, glede over etterkommaren hans, og tårer for over at det ikkje blei som det skulle.