lørdag 31. oktober 2009

Halloween og Allehelgensdag


Eg klarar ikkje heilt å bestemma meg om eg er for eller imot desse nye skikkane som er innført her til lands av handelsstanden.
Sidan me mista pappa for noken veker sidan så er eg alltid på jakt etter noko fint som kan pynta opp hos han, og dette flotte hjerta kunne eg ikkje gå forbi. Så Allehelgensdag er nok ein dag eg kjeme til å markera for pappa og mommo i framtida.


Halloween er nå litt moro då, sidan snuppa er heilt i hundre og gledar seg i dagavis. Sidan ho får lov å gå så må me nesten vera med på leiken sjøl også. No er eg stappmett av snop etter at ho var så venleg og delte med mammo.

Ønsker alle ei fortsatt fin helg.

tirsdag 27. oktober 2009

Høstfest 2009



Forrett: steinbitfile med kongekrabbe, julienne grønnsaker, sellerirotpure, spekeskinke og safransaus!

Hovedretten var kalv og saltbakte poteter. Så datt eg av, men vi hadde dessert ut på kvelden :)


Kokken i sving. Han hadde noken flinke hjelpere også.


Så anstendige og fine.

Ut på kvelden måtte det litt meir konsentrasjon til.....

Det var ein kjempekjekke fest, eg gleder meg allerede til neste år!



mandag 12. oktober 2009

Utrulig kva som kan dukka opp


Når broren din ryddar på det gamle pikerommet og prøver å overta rommet med den beste senga heime hos mammo. Han har ikkje vunne kampen enno, men desse hadde han lagt så fint der, saman med ein stor plakat av Limahl. Noken som huskar han?


Det verste er at eg abonnerar på bladet enno, men prisen er nok femdobla sidan 1986.

fredag 9. oktober 2009

Ein ting kommer sjelden aleine


To veker etter at vi mistet våre kjære pappa, tok mommos reise slutt. Ho har betydd så mykje for meg at det går ikkje an å formidla det med nokon få ord.



Sorg går ikkje over,
den tar berre ei annan form.
Sorg ligner på havet,
til å begynna med er bølgende veldig krappe,
så kommer dønningene,
men det blir aldri meir blikkstilt.



Fred over mommo sitt minne.