tirsdag 3. august 2010

Sommar 2010


Trur at eg er vokst opp med verdens finaste utsikt. Ingen plass er det så fint som på Netland i solskinn og Folgefonna som blenkjer i bakgrunnen. Mommo og Besten sitt hus på nedsida av veien og ferjer som kryssar fjorden.Eg må komma med ein tilståelse, eg er vanskelig å imponera når det gjeld utsikt.....


Bluesen i Skånevik er blitt eit fast sommarinnslag, så også i år. Hadde ei kjempehelg og ZZ-top leverte!


Blei nå jaggu meg noken timar i køståing på Årsnes på oss i sommar. Fattar ikkje at ikkje veiene kan gjerast klare før ferjekaien opna, men det blir vel bra i løpet av hausten. Det kan iallefall ikkje bli verre enn det var.....

Sommaren kom og gjekk, om to dagar er det skulestart i heimen og flagget til topps. Mellombror startar på ungdomsskulen og veslesnuppa i 1. klasse.

1 kommentar:

Anonym sa...

Trur ikkje da er mange utsikter som kan måla seg med den nei! =)

Masse masse lykke te med skuleungane i måro =D

Eg kan ikkje tru at dei er blitt så store ! =)

Daddo