mandag 9. mars 2009

Oppussing av kropp og sjel


Det er ikkje berre huset som blir påvirka av vinterdvalen. Kvart år så tenker eg at no skal eg ta meg sammen og får mosjon og frisk luft. Det blir ofta berre med tanken.
I år har eg altså kryssa av på kalendaren alle dagane eg har jogga,gått tur eller svømt. Målet har vore tre ganger i veka og kalendaren har hjelpt meg til å halda motivasjonen oppe.

Så har eg også fått eit nytt møbel i hus :) Er nødt til å ha det ståande i stova hvis ikkje kjem eg ikkje til å bruka den. Fortsatt så prøver eg å ta noken rundar på denne om kvelden. Egentlig eit heilt supert apparat som du kjenner tar på magen. Anbefales.



Eit anna vinterfenomen er jo sjuke ungar.Egentlig ikkje så rart når temperaturen svingar med mange,mange grader frå dag til dag. Blei oppringt frå barnehagen i dag og måtte henta ei halvsjuk jente. Ho er nok trøtt og utrangla etter helga og får seg ein velfortjent kvil på sofaen.

5 kommentarer:

Anonym sa...

fint teppe har du laga det

Anita sa...

Takk for det.Har laga det sjøl ja,men det skulle vore litt større.Ser at det ligger på vranga ;)

Anonym sa...

Gi Aina ein store kos fra daddo si =D Dåke må ha ein fine dag vidare <3

rod i hob sa...

Eg likte og teppet!!
Flink du e som trene så mykje :-) Sku ønska de va meg ;-)

Ida sa...

Du er flink, som både trener og som motiverer deg selv så godt! :)
God bedring til tulla di.