mandag 18. juli 2011

Feriemodus

Årets ferie er godt i gang. Dei ti første dagane blei tilbrakt hos mammo mi som har hatt besøk av alle sine. Me formeirar oss for kvart år, men det er alltid plass heima hos mammo. Og for ein ferieplass. Ypperlig service, bedre enn allverdens hotell, og utsikten frå terrassen kan nytast i timevis i verdens beste selskap.


Ingenting kan samanliknast med Netland bada i solskinn. Stranda eit lite steinkast unna og gamle barndomsminner kjem tilbake saman med strandturar med gamle barndomsvenner.
Eg nyter kvart minutt. :)


1 kommentar:

Margrethe sa...

Så bra at dere kan samles alle sammen inn i mellom. Det høres absolutt ut som dere har hatt det deilig. Da regner jeg med at det ikke er lenge før du er her igjen :-)