søndag 31. juli 2011

Ferieminner




Slik ser det ut når gjestene i 7 årsdagen til Aina Karin har ankomme selskapet som me feira heima hos mommo.


Tradisjonen tru så må me ha ein tur i Mikkelparken i Kinsarvik. Denne gang så var me på overnatting hos Ådne i naustet deiras. Kjekt for store og små. Om kvelden var det rekefest på kaien med mykje lått og løye og levande musikk. Alle musikarar treng oppvarmingsband, og her var våre. Knallkjekke kveld.

Ein liten ekskursjon fekk me også tid til. Det vart funne ein hovudskalle i ei ur i Mauranger. (Her skulle det vera ein cache), og me la ut for å finna den. Skallen var vistt flytta til Bergen, men det var laga til ein boks og litt informasjon. Dette var dessverre blitt øydelagt, enten av to eller firbeinte. Ingen som veit, men kjedelig likevell. :(


Inntaket av kaloriar og forbrenning står ikkje jamnt denne ferien. Ei ferieveke igjen, men så er det full skjerpings. Burde egentlig skjemst....Men me skal jo kosa oss også. Campingtur til Bø, og besøk i Sommarland har me vore på. Mykje kos og grill med venner og familie. No siste ferieveka skal me innlosjera oss noken dagar på Stord, ein tur til Haugesund også får me verdensbeste storesøs med heim noken dagar.

1 kommentar:

Anonym sa...

Gleda meg te dåke kjeme i dag =D