onsdag 29. april 2009

Styling av Kenwood'en


Eg var jo så heldig å få arva den gamle Kenwood'en etter mommo. Eg er veldig glad i den og brukar den ofte. Eg hadde berre ein bolle og nevnte for onkelen min at eg ønskte meg ein til, ofte greit å ha to når bakinga står på.
Då fekk eg ein link der eg kunne velga kva bolle eg ville, og valget fallt på denne.Stilig eller? Steelbowl with handles. :) Tusen takk, eg blei veldig fornøyd.


Sommaren nærmar seg med stormskritt. Snuppa hadde bestillt fotpleie hos Ingunn. Ingunn er den einaste som får klippa tåneglene til Aina Karin, for ho er den einaste i verda som klarar det uten at det gjere vondt, også får ho neglelakk på etterpå. :P

Bilde av dagens bukett følgjer. Eg er veldig fornøyd med ein bukett om dagen, fordi om snuppa helst skulle plasser ti rundt om i huset!


Sol, sol kom igjen. Du er min beste venn.

fredag 24. april 2009

Min første award

Den var jeg så heldig å få av Snill Pike, som har ein kjempekoslig blogg der det alltid er kjekt å komme på besøk.. Dette er min første award og eg setter stor pris på den. Tusen takk igjen.
[Award_19_februar.jpg]


Her utdypes det hva denne awarden gjelder:

"Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET - nærhet i rom, tid og forhold.
Disse bloggerne er usedvanlige, sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg.

Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til seks bloggere, som igjen må velge seg seks nye.

Inkluder denne teksten i utmerkelsen deres."

Her er de seks jeg sender utfordringen videre til:

1. Rod i hob
2. Torillk
3. Irina
4. Sol og bolig
5. Landsliv
6. Living White


Dette er kjekke og inspirerende bloggar som eg er regelmessig på besøk hos. Noken har nok fått awarden før, men reknar med at de tåler den ein gong til. ;)

fredag 17. april 2009

Endelig på plass


No har eg fått tak i eit gammalt bord til laptop'en. Blei kjempefornøyd og sidan det er såpass mørkt så vil eg ikkje male det i første omgang. Nå er det berre å fortsetta jakten på den perfekte stolen.


Dette gamle bildet fant eg på rommet mitt heime hos mammo og papen i påskeferien. Synes det var så søtt at eg måtte nesten ta det med meg heim.


Helg igjen, og i kveld er me ein gjeng som skal på kino og sjå "Menn som hater kvinner". Gleder meg, for eg storkoste meg med bøkene til Stieg Larson. Smågodtet som blei innkjøpt til anledningen har eg dessverre knaska i meg mens eg har blogga......

Ønsker alle ei god helg!

søndag 12. april 2009

Påskemorgen


Bildene taler for seg sjøl. Egg høyrer med til påskefrukosten, og 1. påskedag er det tradisjon med dekorerte egg. Minstesnuppa synes dette var stor stas.




Fortsatt god påske til alle saman.

(Men heilt ærlig så skal det bli godt når det snart er kvardag igjen. Blir mykje raude dagar når regnet høljar ned).

fredag 3. april 2009

Det nærmer seg


Tida går utrulig fort, på alle vis. 8.august 2009 skal me feira bryllup.Tenk at den vesle jenta mi skal gifta seg. Litt vemodig på den måten at eg må innsjå at ho er blitt voksen. Ho har allerede stått noken år på eigne bein, men vil likevell alltid vera den vesle jento til mammo. Me er stolte over Anne Sofie som har jobba målbevisst mot måla sine. Snart er du ferdigutdanna økonom, du er blitt konemor og flyttar i eige nybygd hus sammen med Robert som er ein knakande kjekke svigersønn. Kva meir kan egentlig ei mamma ønska seg?




Eg fekk eit så koslig bilde frå Kjersti. Det viser oldemor mi, Anne Sofie til venstre,saman med venninna si Borghild. Anne Sofie blir då tippoldemor til mi Anne Sofie.Her er damene på bytur og tenk så moro de sikkert hadde det på besøk hos fotografen. Var nok ikkje så vanlig med venninnebilder i den tida....



Våren kommer og går her hos oss. Kaldt og surt den eine dagen, og strålande varme solstråler den neste. Har prøvd å pynta litt på trappa, men før eg er komme så langt så har været snudd. Ein liten dørkrans er alt som minner om vår foreløpig.


Ønsker alle ein flott påske!

søndag 29. mars 2009

Oppussing på lavbudsjett


Når Jernia åpna butikk her i haust,så var det 1 l. Perfect interiørmaling på tilbud til kr. 49,-, og eg bevilga meg 5 liter. Siste verk er den gamle kjøpmannsdisken og vitrineskapet som har fått seg noken strøk. No minkar det etter at hyller og kjøkken er ferdig mala.
Eg skulle ønska eg hadde eit bedre kamera for det er umulig å ta fine nærbilder med det gamle kompaktkamera mitt :(


Det blei ein runde og to den siste veka Fryd hadde opphørssalg.


4 slike putetrekk som eg har planar om å bruke ute i hagemøblane. 30,- kr. pr. stk. må vel vera eit kupp? Eit par flotte korger som skal fyllast med løk i desse dagar og pynta opp på trappa. Eg ser at mange er komme godt i gong med vårspretten ute, men det tar visst litt tid her hos oss.


Nydlig fint vårvær i dag, så nå skal me ut å finna litt kvistar så me er klar til å laga påskebusk.

fredag 13. mars 2009

Måtte det går fort


Opphørssalget på Fryd. ;) Kvar dag denne veka så har eg vore innom i lunsjpausen, og ved arbeidsdagen slutt har eg lagt enda ein Fryd-pose i bilen.
I går måtte eg ta dei inn,og her ser de vekas fangst.
Tanken var jo at eg skulle hamstra litt gåver og ha på lur,men det ser ut som eg trenge det mesta sjølv. No skal eg halda meg borte til det er 70% avslag. :P


Blir ikkje så mykje produsert på håndarbeidsfronten for tida, men eg har laga ein tunika til Aina Karin. Den blei dessverre i minste laget så då er det berre å begynna på ein ny....


Juleløpar til spisebord har eg forresten laga også. Kjenner at eg er klar for vår og sommar no, og lei raudfargen.

Ønsker alle ei flott helg!