lørdag 29. november 2008

Nå er det jul igjen

Eg storkosar meg i førjulstida, og er skikklig utålmodig etter å få opp litt advent og julepynt.Adventsstaken og litt juleblomar pleier å komma på plass fredagen før 1.søndag i advent. Slik blei adventsstaken vår i 2008.


Ei kvit julestjerne høyrer heime på salongbordet i adventstida. I år blei den plassert i ei ny "kronekrukke". Den falt i smak hos Aina, som aller helst skulle hatt krukka på prinsesserommet sitt.


Så nå er det berre å venta.På mandag opnar me den første luka i kalendarane, og nedtelljinga er i full gong.



Ønsker alle ei flott og koslig helg!

fredag 14. november 2008

Soverommet er ferdig

Nesten ferdig iallefall. Blei kjempefornøyd,men det er nå litt av eit arbeid. Det verste var vel ryddinga.Mykje som samlar seg på rommet etter 20 år. ;)
Tapeten har eg sett på lenge, men då det var 40 % på all tapet ein dag, då måtte eg berre slå til.


Eg er veldig i tvil om eg skal ha gardiner eller ikkje.Har bestemt meg for å prøva med persienner først, og så ser eg etterkvart. Kjenner eg meg sjølv rett så kjem det nok noken mørke gardiner etterkvart.

Litt "stæsj" og rot kjem det nok til å samla seg på sminkebordet også. Må prøva å finna eit system der til glattetenger ol.


Denne veka har me vore på sykehuset i Haugesund,der Aina Karin har fått operert vekk mandlane. Ein meir rå og tapper 4-åring trur eg me skal leita lenge etter.
Ikkje ein einaste sutrelyd under heile oppholdet. Kjempefin form etterpå,spiste youghurt og to skiver samme kveld.

Inn i mellom slaga så strikker eg et par labbar til meg sjølv. Det var tilbud på Baronessa for eit par veker sidan. 100 gr. garn,som var behandla med aloevera og jojobaolje, for kun 39,-. Da må jo prøvast ut.

Ønsker alle ei fin helg.

fredag 31. oktober 2008

Enda mer kjøkken fra jubilanten

Blir ikkje heilt fornøyd med kjøkkenet før stolar og lister er malt kvite, men har nå fått "fresha" det litt opp med nye gardiner og stickers.
Tok litt tid å bli vane med blomane, men blei ganske fornøyd til slutt. Har tatt bort to blomar frå oppvaskemaskina etter bildet er tatt,synes det blei i mesta laget der.



Eg fekk et par lengder av ei venninne som eg sydde om til kjøkkenet. Kappa vil eg ha inn i karmen, men først må eg finna ein lur måte å laga eit oppheng eg blir fornøyd med.Det blei iallefall heilt greit no i første omgang.


Lurer nokon på kva de skal få til jul i år, så kan de sjå det her! Har hatt stor produksjon av gnomar, men klarar ikkje bestemme meg for om dei blir finast med skjegg eller sjal,så det blir litt av kvart.

Søndag er jo den store dagen, så nå skal det forberedast til fest i helga. Eg har vel aldri hatt noke særlig med flaks og heller ikkje i dag. Skulle på handel og handla inn, og då begynnte bilen å koka. Så irritereande nettopp i dag, så då mista eg heilt piffen til å forbereda fest,sidan bilen no er vel plasert på verkstaden.Blir sikkert ein dyr fornøyelse.
Men,men det er vel å bretta opp armane og gå i gang.Fest skal det bli!

God helg til dåke alle!

lørdag 18. oktober 2008

Nå er det gjort


Kjøkkeninnredninga er blitt kvit, iallefall det meste.Flisene og golvet kom mykje bedre fram no,så eg må sei eg blei ganske fornøyd.

Planen var å mala stolane også, men det er eit enormt arbeid som eg egentlig ikkje orka tanken på no i regnværet. Mulig de blir tatt til våren/sommaren. Det må nå bli litt fint vær neste år også. ;)

Gardinene må eg ha nye. I første omgang lurer eg rett og slett på om eg skal bruka svarte persienner, men eg får surfe litt rundt og sjå om eg kjem over noko spennande.

Sidan ungane har vore uten mat i eit par dagar, så får me gå på Peppes i kveld. :) Det var belønningen hvis dei ikkje gjekk inn på kjøkkenet på noken dagar, og det haldt dei.Så nå må nesten eg halda min del av avtalen.

God helg til alle sammen!

tirsdag 7. oktober 2008

Haust

Knollbegoniane som har vore heima hos mammo og papen på overvintring, kom fram til slutt.
No står dei med flotte blomar når me rundar oktober. Bedre seint enn aldri, og eg må tilstå at eg hadde mista trua på at dei skulle komma med blom igjen.

Ellers så står det ganske så bedrøvelig til på uteområdet.Kjøpte nokre lavendelplanter som eg tenkte skulle stå i flott blom på trappa utover hausten, men den gang ei. Slik ser det ut etter nokre dagar.Eg får vel berre innsjå at det går mot vinter og mørketid.

Me hadde oss ein fin tur på Bogsnesåsen her ein dag. Ådne og Aina Karin stor koste seg, og me hadde nistepakke med som me koste oss med på toppen. Kjempekjekk tur.
Me fant utrulige mengder med sopp på veien opp. Dei håpefulle blei veldig fasinert.
Som den pysa eg er, så må me ikkje røra, berre sjå.Eg trur dei tok 100 bilder av ulike soppar på turen.Her er ei tua foreviga av Aina Karin.

lørdag 13. september 2008

Eplekake og ufo, litt av ein kombinasjon

Dette teppet var det meininga min bror skulle fått til 35 års dagen sin, men no er han nå blitt mykje meir enn det. :) Planen var og ein gong at det skulle bli dobbelt så stort, men garnet er gått ut av produksjon, og teppet enda som ein ufo.
Det verste var at det mangla kun 1,5 ruter når det blei pakka vekk, og havna nederst i korga mi. Men no blei det ferdig, og fargane passa knallfint i stova mi.
No er det ikkje meir rosa garn igjen. Siste rest blei ei lita pute til Aina Karin.


I dag har vi hausta inn epler frå epletreet vårt i hagen. Det er mykje igjen, så kanskje me må hausta meir i måro. Kanskje skrella og dela nokon, så kan me laga eplekaker heilt til jul.

Denne oppskrifta er berre knallgod og så enkel å laga:

Aud' eplekake.

2 egg
2,5 dl. sukker

Røres til eggedosis.

110 gr. smelta og avkjølt smør has oppi.
1 dl. melk has oppi.

3 dl. kveitemjøl
2 ts. bakepulver siktes oppi røra.

3-4 epler skrelles og kuttes i båter, og has i røra etter at den er kommet i rundforma.

Dryss kanel og sukker over, og steik midt i ovnen på 2oo gr. i ca.25-30 min.

Mmm, det smaker kjempegodt.

fredag 5. september 2008

Råsa heklerier


Lailaslillerike etterlyste for ei stund siden rosa hekleruter. Då kom eg på at det var vel eit prosjekt eg tenkte på ein gong også, og langt ned i garnkorga mi så fant eg mengder med rosa bomullsgarn.
Eg hadde brukt mykje restegarn på vaskeklutar, og har ikkje brukt for rosa vaskeklutar, og startar derfor på ei pute. Har hekla med nål nr. 5, og det var i største laget. Blei ganske så grovt, og eg blei ikkje så veldig fornøyd.

Men eg hadde mykje garn, så då blei det eit lite teppe til Aina Karin. Det kjem til å passa godt henslengt over "gostolen" ho har på rommet sitt.

Blei nå ikkje så verst når det blei litt størrelse på det.

Ønsker dåke alle ei flott helg!