fredag 9. mars 2012

"The show must go on"



Det er vanskelig, veldig vanskelig å prøva å leva vidare utan Karsten. Det har nok ikkje gått opp for meg at han er vekke, borte for alltid. At eg aldri meir skal høyra stemma hans, aldri få ein bamseklem eller telefonen frå han mens han var på vei heim frå jobb. "The show must go on", sangen har han valgt ut sjølv, men me måtte spela den 60 år for tidelig....

Livet går vidare, bussane går, skulane er opne og folk rund meg fungerar. Eg går på autopilot, sover, ete, stelle med ungar, går på jobb og alt det om blir forventa av meg. Men hovudet er ikkje med enno, eg berre er her, slik føles det iallefall.

Fekk ein nydelig overraskelse av eldste bror Steinar og kjæresten hans, Elisabeth i posten i dag. Blir så rørt av av trøst,omsorg og fine ord på kortet.

Konfirmasjonen nærmar seg. Eg skal klara å laga ein fin fest til Alf Inge. Invitasjonar og serviettar er komme i hus. Eg gleda meg til denne feiringa, men no er ikkje entusiasmen på topp lenger. Men konfirmasjon skal det bli.


3 kommentarer:

Margrethe sa...

Nei, "The show" må ikke nødvendigvis gå videre. Det er lov å slå på pauseknappen. Alle som kjenner deg skjønner at det er nødvendig.
Men livet fortsetter selv om hvert steg kjennes tungt.
Og når den verste sorgen og sjokket legger seg, så vil du oppdage at Karsten aldri er langt unna. Minnene, klemmene, orda og alt dere har hatt sammen kan hentes fram til trøst og glede. Til og med til en god latter.
Og du har vel tenkt å fortsette dine tapre forsøk på matlagingen som han veiledet deg i?
Godt at du tenker at Alf Inge skal få en flott komfirmasjon. Du klarer det! Du er har mye å gå på Anita. Klem til deg.

Anonym sa...

<3 <3 <3

Anita sa...

Men det går på eit vis. Men det går ikkje bra. Men det går. For det må det jo berre, alternativet eksisterer ikkje. Tida kan ikkje stoppast, ikkje skrus tilbake. Så da går det. For da må det.