onsdag 21. september 2011

Facebook er fint





Endeleg har eg og fått tak i "heimalaga" egg. Laga ei Finn-gruppe på Facebook, og der var Eivind Holmedal og annonserte at han hadde egg. Sendte melding i går, og i dag kom egga. Rekna med eg har egg i 6-8 veker no. Kr. 50,- for 30 egg, eller kr. 20,- for 12 egg. Løp og kjøp. :))


Hausten er komme for fullt. Det har vel egentlig vore lesevær i heile år, og eg er storforbrukar av biblioteket. Har pløyd gjennom Min kamp 1-5, Camilla Lackberg sine bøker, Samartin sine og mykje meir. No ventar eg på eit par som skal komma inn, siste til Samartin bla. og ventetida blir nytta til å lesa Ulovlig Norsk av Maria Amelie. Spennande å sjå om eg likar den sorten bøker.

Har også lånt kokeboka basert på rettane i Mofongo (av Samartin). Ha,ha eg og kokebok. Dåke skal få sjå eit resultat ein av de nærmaste dagane, men eg ønsker meg IKKJE kokebok til jul altså.

4 kommentarer:

Anonym sa...

julegaveønsket notert ;)

Anonym sa...

Hehe, kanskje da er ei kokebok du hadde trengt å få te jul :) Neida, hehe,flinke du er å lesa bøker :)
klem frå Stord :)

Hilsen fra landet sa...

Så bra! Jeg ble så nysgjerrig på hva slags høner som har lagt de mørke brune eggene!
Vi har noen få høner selv, det er så trivelig :-)

Anita sa...

De brune egga er frå brun italiener. ;)