onsdag 1. desember 2010

Ventetida er starta





Synes ikkje det er lenge sida me pakka ned alle julatinga, men det er altså 11 månadar allerede. No er det begynna å komma på plass igjen. Adventstaken fekk lilla lys i år, etter sterkt påtrykk frå kollegaen min om at advent er lilla og ikkje kvit. Eg lot meg overtala, og bytta ut dei kvite lysa eg først hadde kjøpt, og det blei nå ganske så bra.

Kalendarveggen på kjøkkenet er ganske lik som i fjor. Pollypocket til Aina Karin, og Flax til Alf Inge og meg. Me kryssar fingrane i år òg, nett som i fjor. Håpar me har meir flax i år. ;)

Pollypocketkalendaren var neste umulig å få opna lukene på, nesten som eg vurderer å bytta den. Andre som har samme problem?


Ønsker alle ei fin førjulsveka.

2 kommentarer:

Vårglad sa...

He he, viktig å holda på tradisjonar, veit du:)

Anonym sa...

Kjempeskjønne adventstake! Fine fargar =) Eg og har valgt lilla i år ;) Klem frå Stord =)