fredag 21. mai 2010

Endelig blei det sommar


Dette har me venta på lenge og gu kor godt det var då den endelig kom. Me har vore ei veka på ferie hos bror min og storkost oss. Nydelig mat har blitt servert kvar kveld, veret har vore upåklagelig og småturar har me fått oss. Her er eit bilde frå toppen på Totlandsfjellet (som før var ein ås :) Ein flott tur som kan sammenlignast med Kaldestadåsen her heime.


Synd eg gløymte klippekortet, for det var både bok og tang i hytta. Når eg kom heim så hadde eg vunnet gavekort på kr. 500,- som blei trekt ut av alle som hadde skrevet navnet i boka si på Kaldestadåsen. Hyggelig overrasking og fin bonus for alt slitet :)


Det blei tid til bading på Vannkanten og mange timar i fred og ro på Ikea. Fargerike blomapotter måtte berre bli med heim. Ehh eg fyllte egentlig opp to bilar, eg som aldri skal ha noke særlig på Ikea....



Nyt sommarværet i pinsehelga alle saman.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ser ut som ein koseleg tur =)
Masse god mat =)

Tre Kusiner sa...

Grillmaten såg hærleg ut:)

Klem F