fredag 16. desember 2011

Så blei da jul likevell....



Me kom i mål i år og. Treet er på plass, gåvene er kjøpt, kakene er bakt og me er klare for familietreff og kos.Nå skal det sveipast over golva før me reiser med mammo til bydn og bursdagsfeiring til lille Inge som allerede blir to år, og besten blir 93 på samme dag. :)


Gratulerer med 2 års dagen til verdens beste Inge <3

onsdag 14. desember 2011

Har overgått meg sjøl

Me har laga pepperkakehus for første gang. :) Fæla styr med å få da limt sammen, men snuppa var ein god støttespelar.Tell til 10 mamma, og vær så snill å prøv ein gong til......

Julakjeks med sjokolade :)

Kokosmakroner :)

...og kakemenn. Her arva eg ein deig frå naboen, men steikinga måtte me gjera sjølv ;)

søndag 11. desember 2011

Det går seint, men det går på fram


Leitar febrilsk etter julastemninga. Har ikkje klart å finna den enno. Noken julablomar er komme i hus, trur det blir moderat med pynting i år.

Julagardinene har eg ikkje fått opp på kjøkenet, og ikkje trur eg de kjeme på plass heller. Lika greit å kjøra minimalistisk i år.
Blir kvit julapynt i stova, ikkje er julanissane henta fram, og ikkje trur eg de kjeme dei heller.
Planen i dag er å handla de siste gåvene, pakka det klart, og få de avgårde. Håpar at stemninga kjeme sakte men sikkert desse siste dagane før jula er her....

søndag 4. desember 2011

Småpynting


Jula kjeme om me er klar eller ikkje. Desember går lika fort kvart år. Eg begynnar å pynta tidelig for å få nyta litt av julastemningen i heimen.Julakulene eg strikka i fjor skulle hatt selskap av mangen nye, men tida strakk ikkje til. Eg fekk oppskriftsboka til bursdagen min, men til neste år kanskje.....

Treningsoversikten over november blei bra. Er flytta inn to dagar i veka og har gått over til rein styrketrening kvar tysdag og torsdag. Deilig med innetrening no i detta vinterveret. :)

søndag 27. november 2011

25.11.2011


Kl. 19.42 blei eg mommo til ein herlig liten gut på 3616 gr. og 50 cm. Han skal heita Nicolai, og eg er så takknemlig og stolt over ein ny prins i familien. I helga har me vore på besøk, og tatt rundreisa i Sunnhordland. Me måtte jo heimom på besøk til oldemor og tippoldefar på Netland. Alle gleder seg med de stolte foreldra!

Nicolai

fredag 25. november 2011

Ventetid, i dobbel forstand...

Julehuset er på plass som tradisjonen tilseier, helga før 1. søndag i advent. Adventstida er nesten større for oss enn jula, for då er me så mykje vekke. Det er no det er koselig med gløgg, lys, juleblomar og kakemenn.


Adventstaken blei enkel i år. Kvite kubbalys på fat. Når det sluttar å regna så skal eg ein tur ut for å finna litt kvistar og pynta litt på fatet med.

No håpar eg så inderleg at det neste innlegget inneheld bilde av ei nybakt mommo med sitt første barnebarn.......

onsdag 16. november 2011

Og me ventar, og ventar...


Her er storesøs med lillesøs. Tenk no skal Aina Karin bli tante og Alf Inge onkel. :)

Slik ser vel den vesle store jenta mi ut i desse dagar, men resultat er verdt å venta på. :) No er det ikkje lenge før babyen er på plass. :)