søndag 6. november 2011

Allehelgensdag og Hjertefred


Utrulig fin Hjertefredmarkering ned på Torgplassen i kveld. Flinke arrangørar delte ut lys og me pynta opp plassen.


Eg hadde to lysballongar som eg sendte opp til pappa og mommo. Litt vansklig å fyra de i gang, men så gjekk det litt for fort når det først var gjort. Men ildkula laaangt der oppe er altså ein slik ballong.


Det var programinnslag med musikk, dans og dikt i ein times tid, før alle fekk utdelt hjerteballongar som me slapp samtidig til nydelig musikk. Utrulig fin kveld.


fredag 4. november 2011

Bursdagskaker


Fridag i dag, og Hilde, Elin og eg var i Onarheimslio før dagen var begynnt. Nydelig tur tidlig på morgenkvisten. Så godt når da er gjort.


På onsdag hadde eg bursdag. Eg er ikkje den ivrigaste på kjøkenet, og måtte slita både vel og lenge før eg fekk eit presentabelt kakebord. Dette høyrer vel med når ho mor har bursdag. :P


Treningskalenderen for oktober blei grei nok. Litt meir oppoverbakkar en vanlig, men det gjere berre godt. Mykje farting i helgane, både Stord og Sverigetur blei da, så ikkje så mange laurdagsturar.


fredag 28. oktober 2011

Halloween


Nymotens påfunn her til lands. Veit fortsatt ikkje om eg likar da. Eta på mat som ser mest mulig uappetittelig ut, og kle ungane opp i styggast mulig klær for å senda de ut på tiggerunde. Skeptisk.....


Men,men alt kler den smukke. <3


God helg og halloween på mandag. ;)

tirsdag 18. oktober 2011

Minner


Eg er blitt så glad i orkideane mine. Tredje gang de står i blomst, og minner meg om savnet etter pappa og mommo.Tenk at det allerede er gått to år........

Gleder meg


Hentesettet er ferdig. Gleder meg masse til å få baby i familien igjen. Barnebarn er livets dessert og skal berre nytast. :)

torsdag 13. oktober 2011

Fargeklatt


Eg var så heldig å få den flotte stigen av ei venninna. Ho hadde satt mannen til å produsera.
Den gule krakken har eg hatt i åravis. Trur den har vore trekvit, rosa,kvit og no gul. Lure på kva farge det blir neste gang?

tirsdag 4. oktober 2011

Mofongo




Etter å ha lest alle bøkene til Cecilia Samartin i haust, så måtte eg låna kokeboka også. Mat og verdien av store fellesmåltid saman med familie og venner har høg prioritet i siste boka, Mofongo. Eg kjente lukta av alle grytene, og rumling i magen kvar kveld eg leste på senga.

Oppskriftene var prøvd tilpassa det norske kjøken, men eg veit ikkje heilt, det er ikkje mykje eg ser for meg at eg kan laga. 1 smågris og 1 ts. salt liksom.....

Men det var oppskrift på ein ting som heiter Sofrino. Eg såg for meg at den kunne vore godt til pastasaus, og tilpassa basen etter det eg hadde i kjøleskapet.

1 dl. olivenolje
2 løk
4-5 fedd med kvitløk
1 paprika
salt og peppar

(Du kan egentlig tilsetta smakar du likar som oregano, hakka oliven, mais osv.)

Fin hakk løk og paprika, fres det i olivenolja. Tilsett 1 boks med tomater og du har verdens beste pastasaus. Scmakar godt. :)


Trenigsoversikt for september. Med unntak av ei veka der eg var sørpa forkjøla og redusert med vond hoste i "evighet" etterpå, så må eg sei meg fornøyd.


September er som vanleg ein travel måned. Altanar og uteområder skal ryddast og klargjerast for vinteren, inn i mellom regnbyene. Kveldane er opptatt med møter i hytt og pine. No trur eg det verste er over, og ser fram til å begynna å laga koselig hauststemning inne.