
Bryllupet til Anne Sofie og Robert nærmar seg med stormskritt. Det er faktisk litt travellt å vera brudens mor også. ;)
Eg har fått det ærefulle oppdraget med å laga blomsterdekorasjonane. Gleder meg til det, og skal beroliga brura med at dei skal bli flotte og dekorative.
Brura begynar å bli litt stressa,men så lenge det ikkje blir for mykje bridzilla tendensar, så høyrer det med. Det kjeme til å bli ein perfekt dag!

Kjole til meg er det verre med. Har vore skikklig uheldig. Første eg såg meg ut,så blei det problem med paypal og den fekk eg ikkje. Den andre var utsolgt på nettbutikken, etter at eg hadde fått bekrefta at den var sendt meg i oppkrav.Surt, men ein kjole skal det nok bli råd med likevell.
