fredag 31. oktober 2008

Enda mer kjøkken fra jubilanten

Blir ikkje heilt fornøyd med kjøkkenet før stolar og lister er malt kvite, men har nå fått "fresha" det litt opp med nye gardiner og stickers.
Tok litt tid å bli vane med blomane, men blei ganske fornøyd til slutt. Har tatt bort to blomar frå oppvaskemaskina etter bildet er tatt,synes det blei i mesta laget der.



Eg fekk et par lengder av ei venninne som eg sydde om til kjøkkenet. Kappa vil eg ha inn i karmen, men først må eg finna ein lur måte å laga eit oppheng eg blir fornøyd med.Det blei iallefall heilt greit no i første omgang.


Lurer nokon på kva de skal få til jul i år, så kan de sjå det her! Har hatt stor produksjon av gnomar, men klarar ikkje bestemme meg for om dei blir finast med skjegg eller sjal,så det blir litt av kvart.

Søndag er jo den store dagen, så nå skal det forberedast til fest i helga. Eg har vel aldri hatt noke særlig med flaks og heller ikkje i dag. Skulle på handel og handla inn, og då begynnte bilen å koka. Så irritereande nettopp i dag, så då mista eg heilt piffen til å forbereda fest,sidan bilen no er vel plasert på verkstaden.Blir sikkert ein dyr fornøyelse.
Men,men det er vel å bretta opp armane og gå i gang.Fest skal det bli!

God helg til dåke alle!

lørdag 18. oktober 2008

Nå er det gjort


Kjøkkeninnredninga er blitt kvit, iallefall det meste.Flisene og golvet kom mykje bedre fram no,så eg må sei eg blei ganske fornøyd.

Planen var å mala stolane også, men det er eit enormt arbeid som eg egentlig ikkje orka tanken på no i regnværet. Mulig de blir tatt til våren/sommaren. Det må nå bli litt fint vær neste år også. ;)

Gardinene må eg ha nye. I første omgang lurer eg rett og slett på om eg skal bruka svarte persienner, men eg får surfe litt rundt og sjå om eg kjem over noko spennande.

Sidan ungane har vore uten mat i eit par dagar, så får me gå på Peppes i kveld. :) Det var belønningen hvis dei ikkje gjekk inn på kjøkkenet på noken dagar, og det haldt dei.Så nå må nesten eg halda min del av avtalen.

God helg til alle sammen!

tirsdag 7. oktober 2008

Haust

Knollbegoniane som har vore heima hos mammo og papen på overvintring, kom fram til slutt.
No står dei med flotte blomar når me rundar oktober. Bedre seint enn aldri, og eg må tilstå at eg hadde mista trua på at dei skulle komma med blom igjen.

Ellers så står det ganske så bedrøvelig til på uteområdet.Kjøpte nokre lavendelplanter som eg tenkte skulle stå i flott blom på trappa utover hausten, men den gang ei. Slik ser det ut etter nokre dagar.Eg får vel berre innsjå at det går mot vinter og mørketid.

Me hadde oss ein fin tur på Bogsnesåsen her ein dag. Ådne og Aina Karin stor koste seg, og me hadde nistepakke med som me koste oss med på toppen. Kjempekjekk tur.
Me fant utrulige mengder med sopp på veien opp. Dei håpefulle blei veldig fasinert.
Som den pysa eg er, så må me ikkje røra, berre sjå.Eg trur dei tok 100 bilder av ulike soppar på turen.Her er ei tua foreviga av Aina Karin.