torsdag 2. juni 2011

Nydelig arvegods



Eg trur eg har verdens beste onkel, og har vore så heldig å arva detta nydeliga service til fem personar. Det er gammalt, og det var veldig vanlig med fem kuvertar i "gamle dagar". Han igjen har arva det frå eit gammalt søskenbarn av besten min, så det er jo artig i seg sjølv.


I dag er det fridag, og regnet høljar ned. Ikkje dagen for den lettvinte frukosten før me spring ut og boltrar oss med hagearbeid. Då pakka me opp og lagte oss ein herlig lunsj, og kakao bør ikkje vera vanlig kost i juni, men det blei ikkje gale i detta været. (Og me måtte jo få bruka den nydelige mugga og. ;) Servicet blir pakka ned igjen etter oppvasken, for eg ventar på eit nytt framskap frå Stord (hint,hint) som det skal plasserast i.




Mai er over, og eg kom meg ut de fleste dagar. Labert i helga, men den blei tilbrakt i Stavanger der verten gjekk på krykker.



3 kommentarer:

Herman Grans ♥ sa...

Likte det :) Formen på mugga var veldig fin! Hilsen Grete

Anonym sa...

Fint og koseleg service! =) Trur da er meg du hinter til,hehe, me skal få da te snart =) Klem frå Stord

rod i hob sa...

Gratulera med nytt servise! Kjempekoselig :-) Å at det er så gammalt er jo og kjempekjekt!

God veke til deg, satsa på at skapet ditt snart kjem frå Stord. Eg har no "masse" tomme skap ståande.. Men har ikkje fått "ånda" te å flytta inn i dei endå.. Men ei vakker dag :-)

God veke til deg!