lørdag 30. mars 2013

Påske i heimen


Har vore heima hos mammo ein tur i påska. Kjekt å tilbringa litt tid med min bror, nevø og nieser. Palmehelga blei tilbragt med eigne ungar og barnebarn. Heldigvis er eg så heldig at eg fortsatt får påskegg av mammo mi, (eller eg må vel egentlig grina meg til det)......


Påskebusken i stova. Blir mindre og mindre pynt etterkvart som åra går.......

......og verdens styggaste heimalaga høner, eller nest styggaste. Dei styggaste står gøymt bak orkideane i vinduskarmen. ;)



God påske!

torsdag 21. mars 2013

Marius opp og ned, og i mente.....



Produksjonen har gått unna no på ettervinteren.


Bursdagsgaver til mine to små nieser er allerede i boks. Strikka i merinoull, på pinne 2,5. Tok si tid, men dei blei kjempeskjønne.


.....og Aina Karin ønskte seg ein i orginal fargar, så då blei da sjølvsagt slik til ho. :)

Påsken står for tur, og me er så klar for noken fridagar her i hus. I måro kjeme Anne Sofie og Nicolai, åhh så me gleda oss til å sjå dei igjen. Ei skam å sei da, men me har ikkje sett dei sidan syden turen. Mulig da komme eip påskabilde og to etterkvart, er iallefall planen. ;)

onsdag 6. mars 2013

Designspira




Eg klarte ikkje dy meg.Har lenge sikla etter denne Oslolampa frå NothernLighning og no står den endelig plassert i stova mi. Så fornøyd, med eit lite snev av dårlig samvittighet over prisen, men eg gjorde eit kupp! :)




Og når først huset skal fornyast med ordentlig design, så kunne eg ikkje motstå desse to frå Mugtail. Kom over dei på Buketten på Halsnøy til 2 for 1, så  heile herligheten kom på kun kr. 149,-. Sånt er kjekt.