fredag 29. juni 2012

Familie



Ein ting eg har lært etter tragedien 7. februar, er at familien er det viktigaste. Utan dei er me ingenting. Eg har sett mykje på bilder i vår, og samla saman mange minner som eg ikkje kan sjå meg mett på. Anene mine er foreviga på stoveveggen, andre sida er mine håpefulle sine dåpstallerkenar på rekke og rad.


Siste prosjekter som skal på veggen, det er eit par rammer fulle med siste åras begivenhetar. Både godt og vondt å laga til. Savnet er så stort og det er så uforståelig og meiningslaust det som har skjedd.




 Savnet er kjærlighetens pris

søndag 24. juni 2012

St.Hans


Blei bål i år og. me har tradisjon for å gå i båthavna for St.Hansfeiring.  I år var det ikkje noke opplegg, anna enn båltenning, så pølsene og marshmallowsen blei fortært heime. Været var elendig så resten av kvelden blei tilbrakt i sofaen og Forbrytelsen på dvd. Koste oss likavell. :) No går det på ned igjen, snart jul!

onsdag 13. juni 2012

Oliventre




 Skjer ikkje så mykje for tida, anna at eg er kommen i ny handlemodus. Litt av det eg har kjøpt er to oliventre til den nette sum av kr. 300,- for to. Då kunne eg ikkje dy meg sidan det gamle egentlig burde vore kasta......Lys brenner eg fortsatt, og desse kjøpte eg på -nille. Nett passlig duft, ikkje så skarp som andre.