Eg har visst gått heilt i vinterdvale. No ventar eg på sommarkataloger og inspirasjon til uteområdet. Har laga meg ei mappe med mange gode idear som eg klør etter å gå i gang med. Har bla. ein heilt ny terrasse langs heile fasadesida som skal innredast i vår. Blei ferdig med å mala den i september, så der er virkelig blanke ark. Gleder meg til våren.
Då det var morsdag lurte Alf Inge på kva eg ønskte meg. Eg måtte gå på butikkane og finna fem ting eg ønskte meg. Eg fekk grei beskjed om at eg ikkje trengte å ønska meg fat.... I går kom han heim med dette flotte serveringsbrettet han hadde laga på skulen, og i tilegg fekk eg servert eit glass med eplejuice og to skiver med bringebærsyltetøy på senga kl. 0750 i dag tidleg. Han er så flinke den guten altså.
No har eg fått eltekrok til Kenwooden. Var så skeptisk når deigen blei sjåande slik ut at eg måtte ringa til onkelen min. Litt meir mjøl og full guffe på maskina, så kan du tru det blei fart i det.
Sjå dei flotte fastelavensbollane me skal kosa oss med i måro.
Mens deigen hevde så kosa me oss med nydlig pizza framfor skjermen. Flotte tulipanar hjelper litt på humøret no i desse tunge siste vinterdagane. Det er heldigvis snart vår, får me håpe...
Fin laurdagskveld til dåke alle.