Tok litt tid å bli vane med blomane, men blei ganske fornøyd til slutt. Har tatt bort to blomar frå oppvaskemaskina etter bildet er tatt,synes det blei i mesta laget der.
Eg fekk et par lengder av ei venninne som eg sydde om til kjøkkenet. Kappa vil eg ha inn i karmen, men først må eg finna ein lur måte å laga eit oppheng eg blir fornøyd med.Det blei iallefall heilt greit no i første omgang.
Lurer nokon på kva de skal få til jul i år, så kan de sjå det her! Har hatt stor produksjon av gnomar, men klarar ikkje bestemme meg for om dei blir finast med skjegg eller sjal,så det blir litt av kvart.
Søndag er jo den store dagen, så nå skal det forberedast til fest i helga. Eg har vel aldri hatt noke særlig med flaks og heller ikkje i dag. Skulle på handel og handla inn, og då begynnte bilen å koka. Så irritereande nettopp i dag, så då mista eg heilt piffen til å forbereda fest,sidan bilen no er vel plasert på verkstaden.Blir sikkert ein dyr fornøyelse.
Men,men det er vel å bretta opp armane og gå i gang.Fest skal det bli!
God helg til dåke alle!