torsdag 26. mai 2011

Haust i mai


Skikklig hauststemning ute for tida, og då passar det med "haustsysslar", bøker og håndarbeid.
Eg prøvde meg på å sy ei puta av gamle dynetrekk eg og, det er jo så populært for tida. He,he eit prosjekt som ikkje ligg for meg. Kanskje eg må smiska med Vårglad. Sjekk ut bloggen hennas, og nyt syne av alle dei flotte syprosjekta ho klarar å få til.



Eg trur eg får halda meg til leseprosjekta mine. Eg er ein flittig brukar av biblioteket. Genialt sidan eg ikkje er nokon boksamlar, så sparar eg mange kroner på å låna bøker der. Har også ei god venninne som jobbar hos ein bokhandlar, og ho er flink til å komma med anbefalingar.



For noken veker sidan, då der var fint og varmt noken dagar, så nytta me sjansen til å dra på "cache-tur". Fekk ein FTF (First to find), sidan det var komme ein oppe med KVV. Aina Karin på sykkel, og mammo og mommo på slep etter. Artig fritidssyssel, og motiverande for dei håpefulle. Du kan lesa meir om Geocaching her.



No pakkar me og gjere oss klar for ei helg i Stavanger saman med slekta der. Gleder oss. :)

onsdag 18. mai 2011

Morsom overraskelse



Da er nå litt moro med Facebook, denne morsomme veska og Jimmy Choo sin nye parfyme blei min etter ein liten konkurranse på Parfymelle sine FB-sider. :P




Ellers er det gråe og triste dagar. Eg er så klar for meir sol og sommar og kikkar inn på Yr.no fleire gonger om dagen. Ikkje noko særlig oppløftande, og er det sol i sikte så er den vekke neste gang eg er innom. :(

søndag 15. mai 2011

Blomar frå eigen hage


Syrintreet står full i blomar, og det er ein av favorittane mine. Nydelige å plukka inn og med tanke på neste års konfirmasjon, håpar eg blomstringa er tidelig då også. ;)


Margerittar er planta i samtlige krukker og kar, og dei har festa seg godt og ser ut som dei tåler temperaturen godt.


Herlig å kunna fråtsa litt. :))

søndag 1. mai 2011

Bruktfunn


To fine koppasett er på vei til meg.
Me var på bruktbutikken på heimplassen min på påskeafta, og der var desse to fine setta fra Figgjo. I og med at me var sprekingar på påskeferie, så brukte me fotane som framkomstmiddel og med barnavogner og hund så blei da ikkje så enkelt å få det med seg. Dermed måtte eg ta bilde og få mammo til å gå inn for å kjøpa dei ei annan dag. SDynes eg fekk mykje for til saman 80,- kroner.
No har eg fått melding om at oppdraget er utført, og gledar meg til å ta de i bruk. :))

Sol og sommar





Kan me ha det bedre? Sol frå morgen til kveld, bikiniver og glade ungar? Og dette før me skriver 1. mai. Eg nyter kvart minutt og kjenner ein liten følelse av panikk, livredd for å bruke opp all sommaren allerede....Nei dette fortener me etter to knallharde vintrar. :)


Det har vel aldri hendt før at eg har klypt plenane før me skriver 1. mai, og iallefall så er det første gong det er gjort mens eg fortsatt har piggdekk på bilen. Dei må av i dag. *note to self*


Småpynting på terrassane, spyling og planting.Eit steg om gangen for dette skal nytast.


Treningskalendaren er eg fornøyd med. Kjenner at det er litt tyngre no når finaværet er komt, men kanskje redusera ein dag i veka no i det lyse halvåret. Eg får sjå kva det blir til.

Ønsker alle ei flott veka!