
Etter noken late juledager, var det både godt og tungt å komma i gang med kvardagen igjen. Januar og februar er dei tyngste månadane å komma seg gjennom i løpet av året synes eg, men de kjem likevell.
Er ikkje ferdig med å møblera stova enda, men med hjelp av gavekort på Bohus så ser eg enden på det no etterkvart.

Der spisebordet står no, har eg lyst å laga meg ein liten plass til laptop'en. Mamma har eit slikt bord som på bildet under, og det har eg tenkt å grina meg til. Det trur eg hadde blitt fint.

Bak tv'en har eg lyst å kjøpa meg eit beisa skjermbrett. Har litt lyst å få delt av slik at spisestua blir ein eigen seksjon og har vudert fleire mulighetar. Kanskje eg må laga noko fra tak til gulv? Kom gjerne med forslag hvis nokon har noken gode ideear.

Litt kvitmaling blir det nok likevell utover våren. Terassedøra inni kroken og noken golvlister gjenstår, og blir det like flotte sommarmånader som ifjor, er planen at golvet skal bli kvitt også. Møblane skal i første omgang forbli beisa. Salongen likar eg veldig godt fordi om den er i største laget. Kan ikkje ha den andre plassar i stova for det er det ikkje plass til.
Eg vil ha eit speil over det bordet eg skal tigga meg til hos mamma, men kom gjerne med forslag til noke eg kan ha over tresetaren. Der slit eg litt, har prøvd ulike løysningar, men ikkje noke eg har vore fornøyd med. Hylle kanskje?

Nyttar høve til å ønska alle eit godt nyttår!