søndag 25. april 2010

Frukost på senga


Eg har fått ein ny fotograf. Aina karin har skjønt at det meste må takast bilder av. I dag våkna eg av blitsing i senga, og ho kom med eit stort brett med frukost til mammo si. Eple, banan, youghurt og vannflaska, etterfulgt av fotoshoot :)

Torsdag hadde ho pynta så fint med kvitveis på stovebordet. Skjønne jenta, trur eg har ei potensiell husmor i huset, og gudane veit kven ho kan ha arva det etter....



Ønsker alle ei fin veke.

lørdag 17. april 2010

Oliventre


Eg har lenge ønska meg eit oliventre, og var så heldige i går at eg fekk eit av ei venninna. Treet er ganske høgt, rundt 60 cm. Eg har egentlig ingen anelse om korleis eg skal stella det vidare, så nå får eg googla litt, og håpa at kanskje noken av dåke har noken gode tips.

God helg til alle, i regn og askevær!

mandag 12. april 2010

Award



Denne fekk eg av Hulter til Bulter.
Å motta denne innebærer
- at jeg må kopiere den over til min blogg
- lenke til den som har gitt meg den
- fortelle 7 (interessante) ting om meg selv
- sende den videre til 7 andre bloggere.

Hmmm ikkje lett dette.

*Eg drikker rødvin fordi om det smakar pyton.
*Rett og slettar hatar vinter, snø og is.Absolutt alt vær er bedre enn snø.
*Klarer ikkje å la vera å hausta farmen min på Facebook.
*Skal på toppen av Melderskin før hausten 2010.
*Elsker sol og sommer, men ikkje hagearbeid.
*Er fødd i Stavanger, og har faktisk budd der ein månedstid.
*Gleder meg vanvittig til ferien i år, sjølv om eg er veldig glad i jobben min.

Sender denne videre til
Snill Pike,
3 kusiner,
Rod i hob,
Landsliv,
4 små,
Solglimt
Sol&Bolig.

fredag 9. april 2010

Vårsprett


No nærmar det seg den varme årstida med stormskritt. Endelig, eg har venta lenge i år. Eg har ei pitte lita planta i hagen med eit grønt blad og to kvite blomar. Trur det kallast oktoberrose, men er ikkje sikker. Me har iallefall gått og gleda oss over den kvar dag den siste tida.

I går då eg kom heim frå tur, så hadde Aina Karin pynta så fint i stova. Så stolt og fornøyd. To "vasar" med ein kvit blom, ein blå krokus og eit grønt blad. Da går liksom ikkje an å bli sur heller....


I dag har eg hatt fri, og eg har gått å venta på sola slik at eg kan ta den første økta ute. Som de ser så er det på høg tid å begynna....



God helg til alle.

mandag 5. april 2010

Innholdsrik påske


Turar i skog og mark, samt sol høyrer med til ein kvar påskeferie. Me har hatt vekslande ver, men må vel seia oss godt fornøyd, iallefall den siste del av påska.


Me har vore 12 stk. på det meste heima hos mammo, og med seks barn mellom 5 og 15 år kan det vera litt av ei utfordring når ikkje vergudane spelar på lag.
Men det har gått over all forventning og me har kost oss med mykje godteri og god mat.


Bildene er frå turen eg hadde til Hjortlandshovda med ei barndomsvenninne på påskeafta. Me gjekk forbi hillaren (bilde to), der sjølvaste Gjest Baardsen gjømte seg når han var på flukt frå lovens lange arm, og dette er eit fasinerande barndomsminne. Eg huskar me for der og leita etter tjuvgodset overbevist om at me kom til å finna den store skatten ;)


Koselig jentefest blei stellt i stand i nabohuset heima på Netland om palmelaurdagen. Me var 9 stykker samla til nydelig tapas og pakkefest. Veldig, veldig koselig og kjekt.

Påska er også tid for ettertanke, og savnet etter pappa er stort. I dag hadde han fyllt 65 år og istadenfor feiring blei det ei rolig stund på kyrkjegarden for mammo mi og meg i formiddag.



Ganske så stolt over treningskalendaren i mars, har faktisk klar fem dagar i veka!!



Ønsker alle ei mild og fin veka som kan nyttast i hagen!