Kvar einaste sommar så skjer det samme, hagen vokse meg over hode. Har så mange planar på forsommaren som eg kriblar etter å setta i gang med. Når det då endeleg blir flotte soldagar, så går det med til brannsluking. Plenar skal klippast, hekkar skal stussast,kantklypping og spyling. Oljing og maling. Eg gir opp, og tar meg heller ein liten handlerunde. Litt av trøsten:
Er ikkje så rart at eg gir opp snart. Har hatt snekkarar rundt dørane de to siste sommarane ang. bytting av vinduer og bordkledning, og ny terrasse. Det er blitt veldig fint, det er ikkje det. Men eg er lei, og no er det siste innspurt med maling. Men er det ikkje noke som seier at ny kledning bør stå, lenge,lenge før den blir mala? Men så hadde det vore fint og få den kvit og ferdig og då. Ikkje lett dette.
Fekk rydda meg plass i ein bod, så nå blei siste hylla på kjøkkenet ferdig mala. Enda godt at noke blir ferdig her. Også skal eg på revy i helga, gleder meg!
Ønsker dåke alle ei fin helg.