lørdag 22. september 2012

Verdens beste nabo


Trur eg har verdens beste naboar. Små omsorgsfulle drypp i kvardagen, eit fat med kjeks, bollar, middag osv. Det er så godt å ha noken i nærleiken som ein veit bryr seg når livet er tøft og vondt. Ei lita lyslykt eller ei heimalaga puta.  Det varmar så mykje og gjere så godt.


No går me inn i den mørke årstida, tida eg sjeldan klarar å gleda meg over. Men med verdens beste naboar så skal me komma oss gjennom vinteren i år og. :) Så fort som vekene går så er det faktisk snart vår i gjen. Tenkja positivt er viktig!

søndag 16. september 2012

Savnet

Savnet etter min kjære lillebror er enormt. Aldri meir høre stemma hans, småkjekla med han og få gode bamsekosar av han. Det er vondt langt inn i sjela og eg slite med å forstå og godta at han er borte. Eg vil ikkje akseptera eller godta det, eg vil at alt skal vera som før........


Flotte, staute, gode Karsten


Din godhet og glede vil for alltid bli i våre hjerter.

tirsdag 4. september 2012

Barnedåp


 


Søndag 02.09.2012 blei lille Karete døypt. Det blei ein verdig dåp med mykje følelsar involvert. Me koste oss i lag med knallgod grillmat og stort kakebord. Partytelt pynta til den store gullmedlje, altså alt som høyrer med var på plass.Min herlige familie samla og me veit å kosa oss i lag, sjølv om det i slike anledningar blir veldig synleg at ein stol står tom....

 Onkel Gudmund fekk æra av å vera gudfar, ei oppgåve eg er sikker på at han klarar veldig bra. <3>


 Farmor og dåpsbarn <3>

(Gaahhh, eg får ikkje til å laga mellomrom mellom bilda,derfor blir det litt tekst her og litt der :P)

Jentene i fine bunadar og eit av mammo,meg,Gudmund og Steinar. Neste dåp får me håpa at Gudmund står lika staslege som oss andre.