søndag 31. juli 2011

Ferieminner




Slik ser det ut når gjestene i 7 årsdagen til Aina Karin har ankomme selskapet som me feira heima hos mommo.


Tradisjonen tru så må me ha ein tur i Mikkelparken i Kinsarvik. Denne gang så var me på overnatting hos Ådne i naustet deiras. Kjekt for store og små. Om kvelden var det rekefest på kaien med mykje lått og løye og levande musikk. Alle musikarar treng oppvarmingsband, og her var våre. Knallkjekke kveld.

Ein liten ekskursjon fekk me også tid til. Det vart funne ein hovudskalle i ei ur i Mauranger. (Her skulle det vera ein cache), og me la ut for å finna den. Skallen var vistt flytta til Bergen, men det var laga til ein boks og litt informasjon. Dette var dessverre blitt øydelagt, enten av to eller firbeinte. Ingen som veit, men kjedelig likevell. :(


Inntaket av kaloriar og forbrenning står ikkje jamnt denne ferien. Ei ferieveke igjen, men så er det full skjerpings. Burde egentlig skjemst....Men me skal jo kosa oss også. Campingtur til Bø, og besøk i Sommarland har me vore på. Mykje kos og grill med venner og familie. No siste ferieveka skal me innlosjera oss noken dagar på Stord, ein tur til Haugesund også får me verdensbeste storesøs med heim noken dagar.

mandag 25. juli 2011

Minnemarkering

Tragedien som utspant seg fredag 22.07.2011 finnes det ikkje dekkande ord for.



Hvis ein mann kan visa så mykje hat, tenk kor mykje kjærlighet me alle kan visa saman.


mandag 18. juli 2011

Feriemodus

Årets ferie er godt i gang. Dei ti første dagane blei tilbrakt hos mammo mi som har hatt besøk av alle sine. Me formeirar oss for kvart år, men det er alltid plass heima hos mammo. Og for ein ferieplass. Ypperlig service, bedre enn allverdens hotell, og utsikten frå terrassen kan nytast i timevis i verdens beste selskap.


Ingenting kan samanliknast med Netland bada i solskinn. Stranda eit lite steinkast unna og gamle barndomsminner kjem tilbake saman med strandturar med gamle barndomsvenner.
Eg nyter kvart minutt. :)


lørdag 2. juli 2011

Sommar



Dette har me venta på lenge. Ettermiddagen skal tilbringast på stranda. Deilig. :))

fredag 1. juli 2011

Juli


Sommaren lar venta på seg, men ennå har eg ei arbeidsveke igjen før ferie. Berre sola kjeme neste helg og varer i fira veker så skal ikkje eg klaga.
Dei to peonblomane måtte utnyttast til "the bitter end". Regnet holdt på å slå dei i bakken, så då fekk dei ein ny sjanse inne i stova. Fortsatt like nydelige.


Juni er over, treningskalenderen blei fyllt denne månaden også. :))


God helg til alle!